Det nærmar seg kamp mot Rosenborg
09.08.2012 - 09:25 - Eldar Skjeldestad Åsebø
Hugsar du korleis det gjekk i fjor mot trønderane? Her får du sjå bilete og video frå kampen.
Fjorårets kamp mot Rosenborg den 31. juli vart spelt under ei litt spesiell ramme, dette var ein av dei første idrettsbegivemheitane etter den tragiske 22. juli. Nesten 4500 tilskodarar på Fosshaugane Campus denne laurdagskvelden fekk med seg ein spanande kamp med dramatikk på slutten.
Sogndal hadde dei fleste sjansane, men det var RBK som fekk først hol på byllen etter ein strøken assist av Winsnes til Bakenga som sette ballen i mål bak Kenneth Udjus.
Fem minutt før slutt fekk Sogndal eit straffespark etter att Daniel Fredheim Holm måtte ty til ulovligheiter med å redda det knallharde skotet frå Ørjan Hopen. Holm vart utvist, og Ole Jørgen Halvorsen var sikker på det påfølgjande straffesparket. 1-1 vart sluttresultatet!
Kjøp billett til søndagens kamp mot Rosenborg her.
Under kan du sjå bileta frå 1-1 kampen denne flott sommarkvelden. Bileta er teke av klubbfotograf Rune Sjøberg.

