arasen Konferansesenter Romerikes Blad

Mathias Dyngeland på plass i Sogndal

Hadde sin første trening etter overgangen i dag.

Mathias Dyngeland

Mathias Dyngeland er på plass i Sogndal. Foto: Rune Sjøberg

Stortalentet gjennomførte i dag sin første trening med Sogndal, etter at utlånsavtalen med Fana utløp ved månadskiftet. Han har teke det med ro eit par veker, etter eit lite uhell på treningsfeltet. No er han klar for Sogndal, og han gler seg.

-Det blir godt å komme i gong, eg gler meg til å trena saman med Kenneth og Leif, og ikkje minst Terje, seier Mathias.

Mathias skal trene med laget ei veke no, før han dreg på landslagsoppdrag, denne gong ei 4-nasjonars turnering i Sverige.

Keepertrenar Terje Skjeldestad er glad for at Mathias er her, og peiker på at treningskvardagane vil få betre kvalitet no som dei er ein keeper til.

- Mathias er eit av de største keepertalenta eg har sett, og eg gler meg til å sjå utviklinga hans, fortel førstekeeper Kenneth Udjus, som og trekk fram det positive med tre keeperar i troppen.

- Også Leif har teke store steg dette året, og me har ei god keepergruppe, smiler Kenneth.

Det var ikkje berre Leif og Mathias som var på trening med Terje i ettermiddag, også sogndaljenta Ane Fimreite var med. Ane er no i bergensklubben Arna Bjørnar, som ligg i toppen i Toppserien. Ane skal snart på samling med landslaget, som blir siste førebuing til VM for U20 som går av stabelen i august i Japan.

Her er nokre bilete frå økta. Foto Rune Sjøberg

 

Laget
Siste nytt
Laget mot Fana
Her er dei elleve som startar kampen i Vik klokka 18.00
Eirik Skaasheim mot Fana 2012
Siste nytt
No brakar det laust att!
I kveld klokka 18.00 møter me Fana i Vik, og Tom snakkar litt om treningsveka, kampen i k...
Ruben Holsæter - VIF
Siste nytt
Ruben signerar for tre nye år
Førdianaren håpar å gjere det godt i saman med Sogndal dei neste åra.
Bana er stengd
Siste nytt
Bana er stengd
Opnar att til Lerum Cup

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Laget mot Fana

No brakar det laust att!

Ruben signerar for tre nye år

Bana er stengd

Ricardo i skåringsform

Sjå helsinga frå den svenske keeperlege...

Mest lest
Fornying av sesongkort 2013
Framgangsmåten for å fornye ditt sesong...
Treningskampar vårsesongen 2013
Oppdatert! Slik ser sesongoppkøyringa u...
Oppstart for Miniakademiet og Akad...
Første luka i julekalendaren er op...
Me slo Enga!
Me har slått Lillestrøm!

Kampar

Sjå alle

Partnarar