Uavgjort for Sogndal 2
31.07.2012 - 11:27 ( Last updated 31.07.2012 - 11:52 ) - Eldar Skjeldestad Åsebø
Andrelaget spelte 3-3 mot Sandane.
Sandane-Sogndal 2 3-3 (1-1)
30.07 kl 19:00
4.divisjon
Idrettsplassen Sandane
Artikkelforfattar: Tommy Øren.
Sogndal 2 vitja i går Sandane på Idrettsplassen. Før kampen var avstanden
mellom laga 8 poeng i favør Sogndal 2, men Sandane har vore solide igjennom
heile året og kampen blei ein tøff batalje som inneholdt det meste. Sandane
er eit ballspelande lag med gode individualistar, og når Ruben Wie gav
heimelaget 1-0 etter 17 min var det ikkje ufortjent.
Etter dette tok Sogndal 2 meir tak og etter 40 min satte Ørjan Hopen eit frispark i mål frå 25
meter. I starten av2 omgang styrer vi mykje og får to raske mål av Ruben
Holsæter og Marius Salamonsen. Etter dette har vi mykje ball, men Sandane er
farlige når dei angrip. Etter 70 min får Aron Nyemah drøymetreff og det står
2-3. Etter dette får Sandane blod på tann, medan vi sovnar litt, sjølv om vi
har kontroll. Etter 76 min får Sandane ein mann utvist, men derifrå og ut
gir dei aldri opp. Eit hardtarbeidane Sandane lag får lønn for strevet på
overtid og scorar 3-3 etter klabb og babb i feltet.
Trenar Tommy Øren hadde blanda kjensler etter kampen, blitter for å ha tapt
to poeng på overtid, samstundes fornøgd med ikkje å tapa mot eit godt
Sandane lag.
Me visste på førhand at dette er ei vanskelig bana og ta tre poeng på,
Sandane har eit godt kollektiv, og individualistar som Mats og Ruben Wie som
eg meinar høyrer heim høgare oppe enn 4.divisjon.
Prestasjonane våre varierar gjennom kampen og uavgjort er eit greit resultat
seier Øren, som gir ei ekstra stjerne til keeper Geir Stenehjem i denne
kampen. Geir står på noko vanvittig i treningsarbeidet og får lønn for
strevet i dag sa Øren etter kampslutt.
Eg vil takke Sandane for kampen og ynskjer dei lykke til vidare i sesongen.
Neste kamp er Kaupanger heime mandag 6.august kl 19:00 på Fosshaugane
Campus.
Sogndal 2
Geir Stenehjem, Sigurd Singelstad, Espen Ness Lund, Bjørnar Hove, Anders
Hella, John Jonasdal, Elvis, Ruben Holseter, Sindre Rydvang(ut 62.), Marius
SalamonsenHjeltnes, Ørjan Hopen
Innbyttarar
Anders Hjeltnes( inn 62.), Olav Fretland, Halvor Fretland,Tommy Øren,Jørgen
Eide Øy
Mål
0-1 17min Ruben Wie (Sandane)
1-1 39min Ørjan Hopen
1-2 50min Ruben Holsæter
1-3 59min Marius Salamonsen
2-3 70min Aron Nyemah( Sandane)
3-3 90min Martin Sivertsen (Sandane)

