arasen Konferansesenter Romerikes Blad

Storsiger i Vik

Gutane våre skåra heile åtte mål!

Eirik Skaasheim mot Fana 2012

Foto: Rune Sjøberg

Den vakre bygda Vik viste seg frå sin flottaste side då den tok i mot sin eigen Gustav Valsvik og resten av laget hans. Sola skein over den flotte kunstgrasbana, og publikum koste seg denne tysdagskvelden.

Det var Fana som fekk det første målet i denne målrike kampen, då eit skot frå 18 meter snitta Taijo Teniste og smaug seg bak Kenneth Udjus. Ti minutt seinare utlikna Malick Mane etter kårner og klabb og babb foran Fana sitt mål, som forøvrig ikkje vart vokta av Mathias Dyngeland i kveld, då han var med Terje Skjeldestad og resten av Noreg sine keepertalentar på Keeperdagar i Oslo.

Berre minuttet etter utlikninga gjekk me opp i leiinga, då ein Fana-spelar var så uheldig å setje ballen i eige mål, men bergensarane var ikkje ferdige med å yppa seg, berre 4 minutt seinare skåra dei på eit frispark.

Etter dette var det stort sett Sogndal som styrte det meste.

Som ein kuriositet kan nemnast at Eirik Skaasheim vart bytta ut i pausa, og så inn att etter 2 minutt i andre omgang, og at langtidsskada Joakim Rudolfsen styrte videokameraet for Tom Mangersnes sin analyse.

- Me vinn ein ny kamp kor me igjen får skåra ein del mål. Me er ikkje nøgd med den første omgangen, men den siste halvtimen av kampen var bra. Likevel må me opp nokre knepp før me skal spele mot Ålesund til helga, seier Tom.

 

Kampfakta

Sogndal – Fana  8-2  (0-0)

Treningskamp i Vik i Sogn

Tilskodarar: Ca. 150

Dommar:  Frank Heggestad, Veitastrond

Mål: 1-0 Fana (8 min), 1-1 Malick Mane (18), 2-1 Sjølvmål (19), 2-2 Fana (23), 3-2 Malick Mane (40), 4-2 Tonny Brochmann (45), 5-2 Tore André Flo (62), 6-2 Thomas Ness (77), 7-2 Stian Dyngeland (83), 8-2 Stian Dyngeland (85)

Sogndal sitt lag: Kenneth Udjus (ut 26) – Taijo Teniste (ut 47), Hannu Patronen (ut 60), Gustav Valsvik (ut 60), Per Egil Flo (ut 60) – Eirik Skaasheim (ut 45 – inn 47!), Henrik Furebotn (ut 60), Stèphane Badji, Tonny Brochmann (ut 60) – Ulrik Flo (ut 60), Malick Mane

På benken sat: Leif Lysne (inn26), Thomas Ness (inn 60), Jasmin Mecinović (inn 60), Espen Ness Lund (inn 60), Ørjan Hopen (inn 45), Eirik Bakke (inn 60), Tore André Flo (inn 60), Stian Dyngeland (inn 60)

 

sogndalfotball.no i Vik: Erik Birkeflet og Rune Sjøberg.

Marius Salamonsen
Siste nytt
Tap for andrelaget
Det vart 3-2 i Bergen.
Taijo Teniste
Siste nytt
Sjå høgdepunkta frå kampen!
Sjå høgdepunkta og jubelbileta frå Haugesund
Sogndal 2 2013
Siste nytt
Sogndal 2 på tur til Bergen!
Her er troppen til kveldens kamp mot Vadmyra
Azar Karadas
Siste nytt
Kva skriv journalistane etter gårsdagens siger?
Les meir om overskriftene her

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Tap for andrelaget

Sjå høgdepunkta frå kampen!

Sogndal 2 på tur til Bergen!

Kva skriv journalistane etter gårsdagen...

Me vant i Haugesund!

Laget mot Haugesund!

Mest lest
Fornying av sesongkort 2013
Framgangsmåten for å fornye ditt sesong...
Treningskampar vårsesongen 2013
Oppdatert! Slik ser sesongoppkøyringa u...
Oppstart for Miniakademiet og Akad...
Første luka i julekalendaren er op...
Me slo Enga!
Me har slått Lillestrøm!

Kampar

Sjå alle

Partnarar