Sogndal 2 med ny siger!
19.08.2012 - 18:18 ( Last updated 19.08.2012 - 18:21 ) - Eldar Skjeldestad Åsebø
6-0 til Sogndal over Førde 2 i dagens 4. divisjonskamp.
Sebastian Kaldestad sine gutar i Sogndal 2 hadde ein klar tabelleiing før dagens kamp mot Førde 2. Førdinarane låg på nest sisteplass i 4. divisjon og var avhengige av poeng for å komem opp av sumpen.
Sogndal 2-Førde2 6-0 (4-0)
19.08 klokka 15:00
4.divisjon
Fosshaugane Campus
Sogndal 2
Mathias Dyngeland , Anders Hella, Elvis, Bjørnar Hove, Sigurd Singelstad(ut 58.), Stefan Aase( ut 86.) Karsten Bjelde Jr, John Jonasdal, Sindre Rydvang, Asgrim Farnes( ut 76.) og Stian Dyngeland(ut 58.)
Innbyttarar
Geir Stenehjem, Kristian Nornes, Jørgen Øy(inn 86.)Tommy Øren, Marius Salamonsen(inn 76.)Anders L Hjeltnes(inn 58.), Olve Øvstetun(inn 58.)
Mål
1-0 15min B.Hove(K.Bjelde Jr.)
2-0 24min Sjølvmål
3-0 31min S.Dyngeland(S.Rydvang)
4-0 41min S.Dyngeland(K.Bjelde Jr.)
5-0 58min Sjølvmål
6-0 82min M.Salamonsen(S.Rydvang)
Mykje positivt i dagens kamp seier Sebastian Kaldestad til sogndalfotball.no. Vi får tidvis god rytme i angrepsspelet og skaper bra med målsjansar. Defensivt hadde Bjørnar Hove og Elvis i midtforsvaret god kontroll.
Eit kvarter av første omgang var spelt før dei vel 100 frammøtte fekk sjå den første ballen i nettet. Ein av dei mange hjørnesparka i kampen enda på hovudet til Bjørnar Hove som stanga ballen sikkert i mål.
Ikkje lenge etterpå ropte Førde-spelarane på straffespark, men dommar Jarle Andersen vinka spelet noko ufortsåelege vidare etter att Elvis la ned ein Førde-spelar i feltet.
Asgrim Farnes var siste Sogndal-spelar på ballen då lærkula gjekk i nettet i det 25. minutt. På vegen til nettet var ballen innom ein Førde-spelar før den spratt i mål.
Seks minutt seinare kontra dei kvitkledde etter ei Førde-frispark, Sindre Rydvang sendte Stian Dyngeland på eit flott løp som avslutta det heile med ein flott skåring.
Samme Dyngeland sette inn sin andre skåring for kvelden med eit flott volleyspark like før pause, etter hjørnespark frå Karsten Bjelde.
Dagens andre sjølvmål kom etter att timen var spelt av kampen. Asgrim Farnes sendte avgårde eit skot som Førde-spelar Oppedal snubla i mål.
Marius Salamonsen fekk sjansen til å setja inn Sogndals sjette mål då han var straffeeksekutør etter å vorte takla innom 16-meteren. Dessverre gjekk ballen i krysstanga og ut igjen. Salamonsen fekk likevel sin skåring ikkje lenge etterpå, då han passerte 4-5 raudkledde før han satte ballen sikkert forbi Nygård i Førde-buret.

