arasen Konferansesenter Romerikes Blad

Ulrik i skåringsform

Stryningen skåra fem då gutane slo Florø 8-0.

Ulrik Flo

Sogndal viste frå start at det er stor skilnad på Tippeligaen og den lokale 3. divisjon, og rulla over eit Florø-lag, som ikkje hadde ein einaste målsjanse i kampen.

Ulrik Flo starta vegen mot tittelen som Femmåls-Flo etter berre to minutts spel, og då hadde allereie Stian Dyngeland vore nær frampå.

Tom Mangersnes varsla før kamp at det var viktig for gutane å vise at dei hadde eit energioverskot etter fridagane, og gutane våre sprang mest og fortast, kjempa best og hadde full kontroll i 90 minutt.

Ulrik stanga inn to mål til og fullbyrda eit ekte hattrick, før Per Egil Flo fastsette pauseresultatet i det 45. minuttet.

2. omgang vart litt prega  av dei mange byttene, men samtlege gjorde friske innhopp.

Den første på skåringslista etter pause var Ruben Holsæter, som sette ein retur i mål etter kårner i det 56. minuttet. Vår sjette skåring for dagen stod Peter Aase for, då han skåra mot gamle lagkameratar eit kvarter før slutt. Då kampen gjekk inn i sluttfasen, tenkte Ulrik at han fekk avslutta slik han starta, så han drog to skåringar til opp av hatten.

Kampfakta:

Treningskamp

Sogndal - Florø 8-0 (4-0)

Fosshaugane Campus

Gult kort Sogndal: Stefan Aase (54)

Mål Sogndal: 1-0 Ulrik Flo (2), 2-0 Ulrik Flo (16), 3-0 Ulrik Flo (31), 4-0 Per Egil Flo (45), 5-0 Ruben Holsæter (56), 6-0 Peter Aase (75), 7-0 Ulrik Flo (84), 8-0 Ulrik Flo (87)

Sogndal starta med dette laget: Kenneth Udjus (ut 69) - Eirik Skaasheim (ut 67), Hannu Patronen (ut 45), Azar Karadas, Per Egil Flo - Malick Mane (ut 52), Eirik Bakke (ut 59), Henrik Furebotn (ut 59), Tonny Brochmann (ut 52) - Stian Dyngeland (ut 45), Ulrik Flo

På benken sat: Leif Lysne (inn 69), Gustav Valsvik (inn 45), Elvis (inn 67), Peter Aase (inn 45), Stefan Aase (inn 52), Ruben Holsæter (inn 52), Stephane Badji (inn 59), Ørjan Hopen (inn 59),

Relaterte...

Øyvind Heimset Larsen
Siste nytt
Vel gjennomført mai!
Takk for poeng- og turglede!
Bolli
Siste nytt
Bolli er klar til kamp mot Start
Veteranen er skjerpa foran helgas viktige kamp
Azar Karadas gratulerast etter skåring mot Brann
Siste nytt
Billettar Sogndal - Start
Me håpar at du kjem på kamp søndag - billettinfo her.
Gustav Valsvik og Sidy Sagna jublar etter skåring
Siste nytt
Før kampen: Sogndal - Start
Me kan ta eit stort steg vekk frå botnstriden i den siste kampen før ferien.

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Vel gjennomført mai!

Bolli er klar til kamp mot St...

Billettar Sogndal - Start

Før kampen: Sogndal - Start

Høgdepunkta frå 11. runde

Gustav diverre ikkje til EM

Mest lest
Fornying av sesongkort 2013
Framgangsmåten for å fornye ditt sesong...
Treningskampar vårsesongen 2013
Oppdatert! Slik ser sesongoppkøyringa u...
Oppstart for Miniakademiet og Akad...
Første luka i julekalendaren er op...
Me slo Enga!
Me har slått Lillestrøm!

Kampar

Sjå alle

Partnarar