Tap mot Fredrikstad

Sogndal gjekk på eit surt tap i botnkampen mot Fredrikstad. Heimelaget snudde kampen etter ein tidleg scoring av Ulrik Flo.

Ulrik Flo

Sogndal gjekk på eit surt tap i botnstriden mot Fredrikstad. Heimelaget starta best og hadde mykje ball i byrjinga. Likevel var det Sogndal som fekk den fyrste scoringa. Eit langt innkast frå Teniste på høgrekanten går over heile fredrikstadforsvaret og Ulrik Flo er åleine gjennom. Der gjer han ingen feil, og Sogndal er i føringa.

FFK blei tydeleg prega av scoringa og fekk ikkje mykje til. Dei var farlege på dødballar, men skapte ikkje mykje. Det var difor typisk at Fredrikstad kjem inn i kampen igjen på ein situasjon som kjem ut av ingenting. Ein lang ball blir spelt i bakrom, og Udjus kjem ut for å avklare. Han nøler eit lite sekund, noko som gjer at Martin Pusic snappar ballen fyrst, rundar Udjus og slår inn i feltet frå dødlina. Der ventar fleire FFK-spelarar, men det er Azar Karadas som får ei tå på ballen. Uheldigvis går ballen i eige mål.

Heimelaget tok meir over etter utlikninga, og spissparet Stene og Pusic skapte mykje bryderi for sogndalforsvaret. FFK var flinke til å spele tidleg i bakrom på kjappe Pusic, samstundes som dei var farlege på lange innkast. Ved eit par høve var dei farleg nære.

Sogndal starta best i andre halvleik, utan å skape dei store sjansane. I det 66.minutt blei Pusic spelt gjennom mellom Teniste og Karadas og FFK-angriparen gjorde ingen feil åleine med Udjus som kom på halvdistanse.

Etter scoringa prøvde Sogndal å skape meir trykk, noko me ikkje greidde, sjølv om Karadas blei flytta opp dei siste minutta. På overtid får Sogndal ballen i mål etter eit langt innkast, men dommaren annullerte scoringa.

- Det var nok ei rett avgjerd, seier ein skuffa Gustav Valsvik etter kampen.

Også trenar Jonas Olsson var skuffa over tapet, men vel å trekke fram det positive etter 1-2 mot Fredrikstad.

- Innhoppa til Peter Aase og Ørjan Hopen var bra. Det lovar godt, seier han.

Azar Karadas var uheldig og scora sjølvmål på utlikninga til Fredrikstad.

- Det er slikt som skjer. I dag var me ikkje heilt på topp, og det er me nøydde til å vere. No må me ta ein kamp av gangen og ta Tromsø neste helg, seier han.

Fredrikstad-Sogndal (1-1) 2-1
0-1 Ulrik Flo (9)
1-1 Sjølvmål (25)
2-1 Pusic (66)
Gule kort: Furebotn, Santos

Sogndal stilte slik:
Udjus - Teniste, Karadas, Patronen, P.E. Flo - Mane (Aase), Bakke (Valsvik), Furebotn, Brochmann (Hopen) - U. Flo, Santos

Neste kamp er heime mot Tromsø 23. september klokka 18:00. Her kan du kjøpe billett til den viktige kampen.

 

Ulrik Flo vs Lillestrøm 2014
Siste nytt
TV: Sjå høgdepunkt frå Tippeligarunden
Måla frå Tippeligarunde 21 ser du her
Bendit Cup
Siste nytt
Bendit Cup 2014: Ny informasjon om 5-ar
Turneringa for jenter og gutar i alderen 6-12 år skal føregå 25. - 26. oktober
Mathias Dyngeland vs. Stabæk 2014
Siste nytt
TV: Mathias fortel om uttaket til U21
Gledar seg til å spela på nest høgaste nivå innan landslag
Illustrasjon - Terje Skjeldestad
Siste nytt
Terje ny keepertrenar for U21
Vert med U21 landslaget på sin første samling i EM-kvalikken mot Portugal

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

TV: Sjå høgdepunkt frå Tippel...

Bendit Cup 2014: Ny informasj...

TV: Mathias fortel om uttaket til U21

Terje ny keepertrenar for U21

Samlesak TV: Reaksjonane

Petter og Bjørn Inge på treningssamling

Kampar

Sjå alle

Partnarar