arasen Konferansesenter Romerikes Blad

Gustav sikra eitt poeng på overtid!

Det såg ut til å gå mot tap i Tromsø, men så dukka den store vikjen opp

Gustav Valsvik

På overtid forstyrra Stian Dyngeland keeper slik at han ikkje fekk klarert skikkeleg, og så klinka Gustav ballen heilt oppe i vinkelen etter to forsøk.

- Eg fekk to sjansar, og hadde litt flaks då eg scora med høgra, som jo er skeiva for meg. Det var utruleg godt å få det målet! sa Gustav Valsvik rett etter kampen

Alt i alt var Tromsø det beste laget. Dei hadde fleire store sjansar, men me hadde litt flaks og var samtidig gode, og viktigast var at me gav aldri opp.

- Det var eit lite ran, men utruleg godt å ta med eit poeng heim, sa Gustav.

Me starta kampen bra og spelte oss fram til eit par farlege situasjonar som fort kunne ha enda i skåring. Ørjan Hopen hadde eit par gode cornerar, som satte Tromsø-forsvaret på prøve.

Det oppstod minst ein, om ikkje to, situasjonar der me kunne fått straffe, og Jonas Olsson var frustrert over dette då han vart intervjua på veg inn til pause, men han var og glad for at me hadde holdt nullen..

Tromsø kom meir og meir utover i omgangen, og hadde nokre store sjansar, mellom anna smalt ballen i stanga bak Kenneth Udjus ved to høve.

Andre omgang fortsatte med eit visst Tromsø-press, og det var fortent då dei gjekk opp i leiinga etter 64. minutt.

Tromsø hadde mange store sjansar denne kampen, gutane forsvarte seg godt, og stod på til siste slutt.

Stao pao!!

Les fyldig kampreferat på Firda sin Live-teneste

Kampfakta:

Tromsø – Sogndal           1-1 (0-0)

Alfheim Stadion, Tromsø

Dommar: Trygve Kjensli

Gule kort: Tonny Brochmann (58)

Mål:1-0 Ondrasek (64) 1-1 Gustav Valsvik (90)

Sogndal stilte med dette laget (4-4-2):

Kenneth Udjus – Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Taijo Teniste – Tonny Brochmann (ut 80), Henrik Furebotn, Stèphane Badji, Ørjan Hopen – Malick Mane (ut 88), Ulrik Flo (ut 80)

På benken satt: Leif Lysne, Thomas Ness, Jasmin Mecinovic, Ruben Holsæter, Eirik Bakke (inn 80), Stian Dyngeland (inn 88) og Tore André Flo (inn 80)

Ruben Holsæter - VIF
Siste nytt
Ruben signerar for tre nye år
Førdianaren håpar å gjere det godt i saman med Sogndal dei neste åra.
Bana er stengd
Siste nytt
Bana er stengd
Opnar att til Lerum Cup
Ricardo Santos nær skåring mot Sarpsborg
Siste nytt
Ricardo i skåringsform
Santos skåra to då Sogndal 2 tok ein etterlengta siger
Thomas Ravelli
Siste nytt
Sjå helsinga frå den svenske keeperlegenda Thomas Ravelli!
Ravelli har lært seg 'stao no pao'.

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Ruben signerar for tre nye år

Bana er stengd

Ricardo i skåringsform

Sjå helsinga frå den svenske keeperlege...

No startar haustsesongen i Tippeligaen

Tine Fotballskule nærmar seg

Mest lest
Fornying av sesongkort 2013
Framgangsmåten for å fornye ditt sesong...
Treningskampar vårsesongen 2013
Oppdatert! Slik ser sesongoppkøyringa u...
Oppstart for Miniakademiet og Akad...
Første luka i julekalendaren er op...
Me slo Enga!
Me har slått Lillestrøm!

Kampar

Sjå alle

Partnarar