arasen Konferansesenter Romerikes Blad

Scoring imot på overtid gav eit poeng i bagasjen

Jonas Olsson og mannskapet hans var frykteleg nære å få tre poeng med heim til saftbygda.

Henrik Furebotn, Ulrik Flo


                                    Artikkelforfattar: Jørgen Lie Kjøndal

 

Eit flott vêr på Color Line Stadion pynta på ei fin førestilling søndag kveld.

Det var to spelesugne lag som møttest i hengekamp på det nylagte kunstgraset på nordvestlandet.

Sogndal starta bra, men eit godt Aafk - lag på heimebana si pressa godt i byrjinga av kampen, og me hamna litt bakpå. Men det var likevel bortelaget som tok leiinga etter 26 minutt.

Tonny Brochmann krangla med seg ballen inne i motstandaren sin 16-meter, fekk servert til Ulrik Flo, som frå kort hald fekk plassert ballen i mål, via stolpen.

Og når Flo fekk det første målet, var han svolten på meir. Like etterpå hadde han ein stor moglegheit til å leggje på til 2-0, men ein Aalesund - forsvarar fekk blokkert skotet i siste liten.

Ei heading i stolpen mot Kenneth Udjus og nokre skot mot mål var høgdepunkta utover i første omgangen, og laga gjekk til pause med 0-1 på Color Line Stadion.

Tidlegare hadde Aalesund fyrtårnet Tor Hogne Aarøy på topp. No er han seld, men er erstatta av Sander Post, på omtrent same høgde. Og denne høgda skulle vise seg svært viktig for heimelaget utover i kampen.

Etter 55 minutt fekk den høgreiste spissen utteljing på ein av sjansane sine, og 1-1 var eit faktum. Post fekk ballen inne i feltet, og avslutta mellom beina til Udjus.

Dette gav Aalesund ei skikkeleg vitamininnsprøytning, og pumpa på med sjansar.

Men når Aalesund har Post, så har Sogndal Ulrik Flo. Malick Mane leika seg på høgrekanten, slo tunnel på venstrebacken til heimelaget, la ballen inn foran mål, og der kom Flo! 1-2, og spissen verka svært letta etter missane i første omgang.

Mange små sjansa til heimelaget var gjennomgangsmelodi i kampen. Om ein ser vekk frå avslutninga i stolpen i første omgang, og nokre avslutningar rett på Udjus, så skapte ikkje Aalesund så mykje som Kjetil Rekdal gav uttrykk for i intervjuet etter kampen.

Det var likevel fortent når Post vann ein hovudduell på overtid, fekk heada ballen til midtstoggar Daniel Arnefjord, som banka ballen i nettaket, og dermed fiksa 2-2. Ein kalddusj for hardt kjempa sogndalspelarar, men svært viktig for heimelaget.

2-2 vart altså sluttresultatet, og sjølv om det er surt å tape leiinga på overtid, så vert poeng på Color Line Stadion alltid godt tatt i mot.

Neste kamp er mot Fredrikstad førstkommande fredag klokka 2100. Kjøp billett til den kampen her.

Ruben Holsæter - VIF
Siste nytt
Ruben signerar for tre nye år
Førdianaren håpar å gjere det godt i saman med Sogndal dei neste åra.
Bana er stengd
Siste nytt
Bana er stengd
Opnar att til Lerum Cup
Ricardo Santos nær skåring mot Sarpsborg
Siste nytt
Ricardo i skåringsform
Santos skåra to då Sogndal 2 tok ein etterlengta siger
Thomas Ravelli
Siste nytt
Sjå helsinga frå den svenske keeperlegenda Thomas Ravelli!
Ravelli har lært seg 'stao no pao'.

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Ruben signerar for tre nye år

Bana er stengd

Ricardo i skåringsform

Sjå helsinga frå den svenske keeperlege...

No startar haustsesongen i Tippeligaen

Tine Fotballskule nærmar seg

Mest lest
Fornying av sesongkort 2013
Framgangsmåten for å fornye ditt sesong...
Treningskampar vårsesongen 2013
Oppdatert! Slik ser sesongoppkøyringa u...
Oppstart for Miniakademiet og Akad...
Første luka i julekalendaren er op...
Me slo Enga!
Me har slått Lillestrøm!

Kampar

Sjå alle

Partnarar