Sjå høgdepunkt frå kampen mot Tromsø tidlegare i vår.
19.09.2012 - 12:21 - Eldar Skjeldestad Åsebø
Det nærmar seg møtet med Gutan på Fosshaugane!
En nettleser som støtter HTML5 eller siste versjon av flash player er nødvendig for å se denne videoen.
7. juli møtte me Tromsø på kunstgraset på Alfheim Stadion. Kampen enda tilslutt 1-1 etter ein susar av Gustav Valsvik på overtid. Sjå høgdepunkta i vindauga over.
Førstkommande søndag møter me igjen laget frå Ishavsbyen. Etter ein tung periode med resultat som ikkje har gått vår veg, treng laget støtte frå publikum for å snu den negative trenden.
Ta på deg svarte og kvite klede, og møt opp på Fosshaugane for å heia laget fram til siger!
Kjøp billett til kampen via denne lenkja.
"Familiepakker! På vårt nye familiekonsept tilbyr me billettpakker til gunstige prisar på vår nye fylkestribune! Ved kjøp av 3eller fleire billettar (min. 1barn) får ein billettane til 100kr/stk. Billettane kan diverre ikkje kjøpast på nett, men du kan reservere billettar slik: Send kodeord FAMILIE [mellomrom] ditt namn og antal billettar til 2229! Du vil då få ein sms om korleis du hentar & betalar dine billettar ved ankomst stadion på kampdag."

