arasen Konferansesenter Romerikes Blad

To nye år, mykje motivasjon og speleglede for Bolseth

Ein motivert Rune Bolseth er klar for Sogndal frå og med årsskiftet. Han gleder seg allereie til å flytta heimover, og å få spela for klubben han var i frå 1999 til 2009.

Rune Bolseth

Arkivfoto

Bolseth har som kjend ti år bak seg i Sogndal Fotball. Han var i tillegg kaptein frå 2006, fram til han reiste til Hønefoss og nye utfordringar i 2009.

Etter å ha vore ung og lovande i Sogndal, er no “Bolli” blitt ein erfaren mann på midtbana for Hønefoss. Han har blitt 32 år, men har framleis mykje å tilby sogndalfansen neste år.

- Eg er svært motivert for ein ny periode i Sogndal. I tillegg til dei store forventningane eg har til meg sjølve, skal eg framleis prøva å bli ein betre fotballspelar. Her er nok alderen ingen hindring, ein kan forbetra seg sjølv om ein ikkje er ung, fortel Bolseth.

Håvard Flo fortel at trenargruppa og klubben er veldig glade for at Bolseth no kjem heim.

- Han har vist i Hønefoss at han held høgt nivå, og har absolutt satt preg på dei gode prestasjonane Hønefoss har vist dei siste åra. No kjem han heim, og har gjort seg ein del erfaringar, og han vil bli ein viktig rollemodell for mange av dei yngste på laget.

Sandanemannen skal fullføra sesongen for Hønefoss før han vendar heim att til Vestlandet. Han seier at det var totalen som gjorde at han valde ein ny periode på Fosshaugane.

- Eg har born som skal byrje på skule til neste år, og det var då naturleg å kome heim att til Sogn og Fjordane. Så familien har ein del å seia her. I tillegg var eg jo ti år i Sogndal, og då er det ein fin moglegheit å spela for Sogndal Fotball igjen. Dette er noko eg gleder meg mykje til, og eg er sikker på at eg har mykje å tilby, både på og utanfor bana.

- I tillegg er eg svært imponert over det nye stadionanlegget, og eg meinar at det ikkje står tilbake for noko arena som eg har spelt på tidlegare, med tanke på kor moderne det er. Rett og slett et praktanlegg, skryter ein oppglødd Bolseth.

Rolla som Bolseth skal ha i Sogndal er ikkje heilt bestemt, men han ser for seg at han skal veileda dei unge spelarane, samstundes som han skal kjempa for ein plass i startoppstillinga.

- Eg kan utvikle mange ting framleis. Så vil eg bruke erfaringa, eg vil vere den som tar tak på treninga, og står fram med et godt eksempel. Ekstra oppfølging på enkeltpersonar kan òg verta aktuelt, men det er ting som me kjem tilbake til, fortel midtbaneterrieren.

(Artikkelen fortset under biletet)

Om sin noverande arbeidsgjevar har “Bolli” berre gode ord å seia, og han har hatt fine år i Hønefoss Ballklubb.

- Det er veldig dyktige trenarar i Hønefoss, og spelargruppa er svært god. Eg har spelt ein litt annleis fotball her enn i Sogndal tidlegare, med fleire ballberøringar, noko eg føler eg passar godt til. Derfor har det vore veldig kjekt å spele fotball her, og eg har ingenting negativt å seie om HBK, seier 32-åringen.

Bolseth har tidlegare opplevd mykje i Sogndal. Gjennom ti år og heile 359 kampar seier det sjølv at det ligg att nokre høgdepunkt. Og det beste minnet han har, er kanskje det som mange sogndalsupportarar deler med han.

- Det beste fotballminnet frå førre periode i Sogndal må vere opprykket i 2000, då me slo Vålerenga i kvaliken. Det var unge gutar på Sogndal på den tida, og me slo meir erfarne spelarar frå VIF. Det var eit stort øyeblikk for heile gjengen. I tillegg har ein enkeltkampar mot Brann og RBK som framleis ligg godt plassert bak i hovudet, avsluttar Bolseth.

Malick Mane har skåra på straffe mot Haugesund
Siste nytt
Høgdepunkta frå 11. runde
Me fekk sjå eit sjeldant straffespark til Sogndal, Rosenborg sin danske prøvde seg på ein...
Azar Karadas gratulerast etter skåring mot Brann
Siste nytt
Billettar Sogndal - Start
Me håpar at du kjem på kamp søndag - billettinfo her.
Gustav Valsvik - Landslag 2011
Siste nytt
Gustav diverre ikkje til EM
Vikjen skal likevel på oppdrag med flagget på brystet, på 'Nye U21'
Gustav Valsvik
Siste nytt
Vekas produkt i SogndalBui
Supertilbod på tøff ball med Sogndal-logo!

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Høgdepunkta frå 11. runde

Billettar Sogndal - Start

Gustav diverre ikkje til EM

Vekas produkt i SogndalBui

Tap for andrelaget

Sjå høgdepunkta frå kampen!

Mest lest
Fornying av sesongkort 2013
Framgangsmåten for å fornye ditt sesong...
Treningskampar vårsesongen 2013
Oppdatert! Slik ser sesongoppkøyringa u...
Oppstart for Miniakademiet og Akad...
Første luka i julekalendaren er op...
Me slo Enga!
Me har slått Lillestrøm!

Kampar

Sjå alle

Partnarar