Vel gjennomført Lerum Cup
01.07.2012 - 17:59 - Silje Bråstad
Lerum Cup er no over for i år. Ein cup med mykje glede og ei fin ramme.
Dei endelege finalane blei spelt på Hafslo i ettermiddag. Der var det stor jubel blant dei vinnande laga. Ikkje minst var det stor stas under premieutdelinga. Dei 300 deltakande laga har no forlate saftbygda, og lagt etter seg mange gode minner.
Det har vore ei fin ramme rundt heile cupen. Mange blide deltakarar og heiande foreldre og søsken har vore med på å gjort dette til ei minnerik helg. Ikkje minst har alle som har arbeida med cupen og frivillig dugnadsinnsats vore uunnverleg for å få helga saman. Me vil difor gje ein stor takk til alle som har bidrege under cupen.
Kort oppsummert har dette vore ei helg med mykje fotballglede, sosiale aktivitetar, utebodar, konsertar og mykje anna. Me gler oss allereie til neste år!
Sjå biletkarusell frå den siste dagen.

