Kampdag!
20.07.2012 - 11:56 ( Last updated 20.07.2012 - 13:05 ) - Silje Bråstad og Rune Sjøberg
I dag møter me Haugesund borte. Sjå intervju med Håvard og Stian, og få nyttig info.
En nettleser som støtter HTML5 eller siste versjon av flash player er nødvendig for å se denne videoen.
Klokka 19.00 møter me Haugesund for 16. gong på Haugesund Stadion, og me skal ut mot eit av landets beste heimelag. Ti gonger har dei blåkvite vunne på eige gras, eitt oppgjer har enda uavgjort, medan me har stukke av med sigeren fire gonger. Me satsar på at gutane pyntar litt på statistikken i kveld.
Haugesund har fleire karismatiske typar, som til dømes ein fargerik trenar, Jostein Grindhaug. Me lyt passa oss for dei gode spissane deira, då landslaget sin Alexander Søderlund har herja i mangt eit forsvar. Vår eigen Oddbjørn Skartun har fått stadig meir speletid den siste tida, og spelar han i kveld, er det ein topp motivert sogndøl som skal bryna seg på gamle lagkompisar.
Storm.no varslar ein frisk dag på sørvestlandet, med sol, frisk bris og rundt femten grader. Grunna vinden frå nordvest, vil nok gradene virka kaldare.
Kle deg i kvitt og svart, og reis på kamp om du er i området rundt Haugalandet! Billettar kjøpast på stadion.
Kampen går på TV2 Sport. Skal du sjå kampen på web-tv, er det Canal+ som gjeld, og då kan du klikke deg inn her
Klokka 17.45 får du laget her på heimesida.
Stao no pao!
Her ligg bilete frå 1-1 kampen på Fosshaugane i vår. Foto: Rune Sjøberg

