Eirik Birkelund klar for Sogndal

Sogndalsspelar ut 2018

Håvard Flo og Eirik Birkelund

Sogndal Fotball og Eirik Birkelund (f. 13/1 1994) har i dag blitt samde om ein kontrakt som strekkjer seg ut 2018 -sesongen. Eirik er sentral midtbanespelar.

Eirik er vaskekte bergensar, og debuterte for Brann mot Sogndal på Brann Stadion i 2011 (2-0 til Brann). I halvtanna år har han spelt for St. Etienne i Frankrike. I fjor var han med på å spele Brann tilbake til Tippeligaen.

- Eirik er ein spennande spelar som vil passe flott inn i gruppa vår, seier sportsleg leiar Håvard Flo om nysigneringa frå Natlandsdalen.

Midtbanespelaren har bra teknikk, og i har tidlegare blitt kåra til den beste triksaren i landet.

- Det var ein konkurranse som VG hadde i 2007, ler Eirik. Han beskriv seg sjølv som ein rask og hardtarbeidande spelar. Som person er han målretta og positiv.

Birkelund har tidlegare vore innom på aldersbestemte landslag. 

Birkelund har planar om å nytta seg av tilbodet til Høgskulen for å få meir utdanning.

- Eg var her oppe på besøk før jul, og fekk eit veldig godt inntrykk av klubben, fortel Eirik, som vel å gå til Sogndal for å utvikla seg vidare som fotballspelar. Han legg vekt på at treningsfasilitetane her er imponerande.

- Å få spele under Eirik Bakke er ein fin moglegheit for utvikling, eg likar måten han tenkjer fotball på, seier Eirik, som i tillegg til fotball er oppteken av musikk.

- Eg spelar litt gitar, og høyrer på ein del forskjellig, mest eldre musikk, avsluttar Eirik Birkelund.


Kontraktsignering for ut 2018-sesongen: Håvard Flo og Eirik Birkelund (Foto: Rune Sjøberg)

Me ynskjer Eirik hjarteleg velkomen til Sogndal Fotball!

Vs. Bodø/Glimt 2016
Siste nytt
Birkelund før kampen
Vår glade bergensar er klar for ein ny kamp
Stabæk - Sogndal 2016 Foto: Rune Sjøberg
Siste nytt
Eirik før oppgjeret mot Stabæk
- Me er klare!
Stabæk - Sogndal 2016 Foto: Rune Sjøberg
Siste nytt
Klar for helgas kampar i Tippeligaen?
Kampoppsett for runde 22
Tv-aksjon Røde Kors
Siste nytt
Vil saman få hjelpa heilt fram
TV-aksjonen 2016 går til Røde Kors.

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Kampar

Sjå alle

Birkelund før kampen

Eirik før oppgjeret mot Stabæ...

Klar for helgas kampar i Tippeligaen?

Vil saman få hjelpa heilt fram

Gutane jaktar 3 poeng!

Mathias på U21

Partnarar