Mållaust på Haugesund Stadion
20.07.2012 - 21:06 ( Last updated 24.07.2012 - 14:13 ) - Rune Sjøberg
Me hadde dei fleste og største sjansane, og tok eit sterkt bortepoeng.
Me spelte ein ny sterk bortekamp, og kunne teke alle tre poenga i dagens kamp med litt flaks, men alt i alt var det fortent med poengdeling.
Gutane spelte i sterk medvind i første omgang, og hadde fleire store sjansar. Malick Mane var heilt aleine med keeper etter 25. minutter, men keeper redda. Taijo Teniste hadde eit knallskot etter 33. minutter, Ein god Kristiansen i Haugesund-målet låg som ein strek i lufta og fekk slått ballen utanfor.
Minuttet etter var det Gustav Valsvik sin tur til å skremme heimepublikummet, då han heada knallhardt på ein god corner, men ballen vart såvidt redda på streken.
Trenar Jonas Olsson var greitt nøgd med første omgang, men han meinte at me måtte bli tøffare i feltet.
Gutane starta andre omgang slik første slutta, med å spele seg fram til gode moglegheiter. Gustav Valsvik ruva godt bak og demma godt opp mot meir meritterte Alexander Søderlund. Det var venta at Haugesund skulle snu presset i medvinden, men utover i omgangen fortsatte me med god kjemping og spelte oss fram til sjansar. Tonny Brochmann hadde ei kjempesjanse etter 77 minutt, men ballen strauk stanga.
Eirik Bakka jobba som ein slave heile kampen, og gamle fotballbein måtte bli erstatta av friske Elvis i det 80. minutt.
Sluttspurten til Haugesund vart aldri så sterk at dei fekk målet heimepublikummet håpa på, og begge lag hadde sjansar til å få mål.
Les fyldig kampreferat på Firda sin live-oppdatering.
Kampfakta
FK Haugesund – Sogndal 0-0 (0-0)
Haugesund Stadion, Haugesund
Tilskodarar: 4554
Dommar: Trond Ivar Døvle, Svarstad IL
Sogndal stilte med dette laget i ein 4-4-2 formasjon:
Kenneth Udjus – Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Taijo Teniste – Malick Mane, Henrik Furebotn, Eirik Bakke (Elvis inn 80. min), Tonny Brochmann – Stian Dyngeland (Espen Næss Lund inn 88. min), Ulrik Flo
På benken sat: Leif Lysne, Espen Næss Lund (inn 88), Jasmin Mecinovic, Ruben Holsæter, Ørjan Hopen, Elvis (inn 80) og Tore André Flo

