Meistring og moro

Sognahallen: Søndag 7. april var 14 spelarar frå fleire kommunar i fylket samla til tilrettelagt fotballtrening.

Det er alltid like kjekt når Sogndal United samlast til fotballtrening. Smil og latter sit laust og gjensynsgleda er stor blant deltakarane.

På programmet står grunntrening, teknikktrening og fotballkamp. Deltakarane frå Sogndal United gir mykje av seg sjølv og det er ein enorm positivitet ute på feltet.

- Dette er ei samling me har sett fram til lenge, seier leiar Iren Nordheim frå Sogndal United.

A-lagsspelarar med på trening
På dagens økt var Sogndalspelarane Sigurd Haugen, Kjetil Haug, Jonas Fredriksen og Johan Flo med som trenarar. Sogndalspelarane hadde ansvar for å lere vekk god skotteknikk og deltakarane følgde ivrig med på det som vart sagt. High-fives vart delt ut i fleng og smilet var stort hjå alle som deltok.

- Dette har vore fantastisk morosamt, fortel keeper Kjetil Haug.

- Me får eit litt anna syn på kva fotballen kan bidra med, og det har vore ein lærerik og inspirerande dag. Denne gjengen kan verkeleg det med å spre glede og humør, og det er noko me kan ta med oss inn i vår fotballkvardag, seier Haug.

Sterkt keeperteam på dagens trening
Sterkt keeperteam på dagens trening

- Dette var ein ny erfaring for meg, og i dag har eg møtt utroleg mange hyggeleg personar. Eg har kost meg og smilt masse gjennom heile økta, fortel Jonas Fredriksen.

Samarbeid med Høgskulen
Sogndal United samarbeider og med Høgskulen på Vestlandet og vernepleierlinja. På dagens økt var fem studentar frå 1. året Vernepleier med.


- Me er veldig glad for samarbeidet med Høgskulen. Det er vinn-vinn. Studentane får praksis og me får ein god leiargjeng som er med og har det gøy saman med spelarane, fortel Iren Nordheim.

Me har plass til fleire
Å få ut informasjon er ei utfordring fortel Iren.

- Me har plass til fleire på samlingane våre, men diverre det utfordrande å få ut informasjon til alle. Me håper at dei som ikkje får informasjon frå oss kan sende oss ein førespurnad, slik at me får dei på informasjonslistene. Me ynskjer svært gjerne at fleire skal få informasjon og vere med.

Aktivitet i 2019
- No er det Løveleikane i Sogndal 25. mai som er neste samling. Så er det Byrkjeloleikane i september, og ei inneturnering i Stryn i november.

- Ta gjerne kontakt med Anders Veibust eller meg for meir informasjon om opplegget, avsluttar Iren.

Ynskjer du meir informasjon om tiltak for målgruppa, tek du kontakt med Klubbutviklar Anders Veibust på [email protected] eller Iren Norheim, 90892834/[email protected] 

Annonse fra Obos-ligaen: