Akor set LAGET først

Akor Jerome Adams kom til Sogndal på prøvespel første gang vinteren 2018. Frå sommaren av var han klar for å bidra.

Artikkelen er publisert i OBOS-magasinet 2019-no1

Det vart med nokre gode innbyte, men alt tyder på at OBOS-laga vil få merka meir til den unge kraftpluggen frå Nigeria denne sesongen. Han har spelt to kampar for det nigerianske U-20 landslaget. No er han mest av alt oppteken av at laget Sogndal skal oppnå suksess.

- Eg har lyst å bidra med scoringar, og håpar eg får tillit og få vist at eg kan, seier 19-åringen. Han meiner sjølv han er ein god driblar, har god fysikk og er blitt ein brukbar avsluttar framfor mål.

- Eg har klare ambisjonar om å bli betre, og med god hjelp frå trenarar og lagkameratar veit eg at det skal gå. Berre gje meg litt tid, seier Akor, som har funne seg godt til rette i bygdebyen.

Sogndal-trenar Eirik Bakke er godt fornøgd med den unge nigerianaren sin framgang.

- Han valde å bli i Sogndal i julehelga, og var dagleg å sjå i hallen eller på idrettssenteret. Det fortel ein heil del om hans ambisjonar som fotballspelar. Han har gjort klare framsteg allerede, og me kjem nok til å få sjå mykje til han denne sesongen, fortel Bakke.

- Sogndal jobbar for å få klar kontrakten med Akor til seriestart. Han er på utlån fram til utgangen av juli månad. Det kan i så fall visa seg å bli ei signering som vil bli lønsam for Sogndal. Så god er nemleg den afrikanske måljegeren.

"Elskar å vinna – og LAGET betyr mest"

— Akor Jerome Adams
Sogndal har gjort suksess med afrikanske spelarar som Kouakou, Sarr, Badji og Mane. Denne sesongen kan fort bli eit gjennombrot for Akor Jerome Adams. Han viser kvar dag på treningsfeltet at han har utvikla seg på den korte tida han har vore på Fosshaugane. Han har gode individuelle ferdigheiter med seg frå det nigerianske akademiet.

- I norsk fotball er det kanskje lagt større vekt på den fysiske delen av spelet. Det skal eg klara å innordna meg. Og uansett spelestil må alle bidra for at laget skal oppnå suksess. I Sogndal ligg alt til rette for at me skal få til noko stort, meiner Akor Jerome Adams.

Også han er stolt over det han opplevde saman med Sogndal sitt U-19 lag då dei avgjorde den norske og skandinaviske finalen. Først slo dei Rosenborg 3-1 etter ekstraomgangar i NM-finalen, der Akor like godt gjorde ekte hat-trick. At Sogndal også slo AGF Århus i den skandinaviske finalen var langt over forventningane. 1-0 var meir enn nok til å gjera sogndalsjuniorane historiske.

«Gospel-musikk er den beste oppladninga»

— Akor Jerome Adams
- Ein fantastisk prestasjon av alle gutane. Og svært motiverande for min eigen del. Det tek eg med meg som eit flott minne. Men no handlar alt om å bli klar til seriestart. Eg vil gje alt for Sogndal. Dei har gitt meg så mykje, så eg er svært lysten på å visa meg tilliten verdig, avsluttar ein spent Akor Jerome Adams.

Mykje tyder på at han blir ein viktig brikke i sogndalsangrepet denne sesongen. I lag med Sigurd Haugen og Martin Ramsland skal han stå for scoringar som gjer at Sogndal held følgje med topplaga i årets OBOS-liga.

Akor Jerome Adams

  • Alder: 19 år

  • Posisjon: Spiss

  • Fødestad: Nigeria

  • Tidlegare klubb: Jamba Football Academy

  • Favorittspelar: Ronaldo, Brazil, Zlatan Ibrahimovic

  • Favorittklubb: Manchester United

  • Musikk: Gospel

  • Hobby: sang, lesing

Annonse fra Obos-ligaen: