Aktivitetspark

I år har LerumCup sin eigen aktivitetspark!

I år kan du utfalde deg med mange aktivitetar i sentrum under Lerum Cup. Cupen arrangerer ein eigen aktivitetspark med moro for store og små.

Alle kan delta, uavhengig om du er med på cupen eller ikkje

Aktivitetskort
Aktivitetskort for adgang får du kjøpt på lerumcup.nos sine heimesider og i Sogndalsbui som står på stand i parken.

Pris: 75,- for 5 klipp.

Opningstider:
Torsdag 17-22
Fredag 10-22
Laurdag 10-19
Sundag 10-14

Fotballdart

Går du for bulls-eye eller trippel 20? På denne gigantiske dartskiva kan du utfordre både kompisgjengen, mor eller bestemor og resten av Lerum Cup. Kven har den mest presise pasningsfoten? Høgaste poengsum vert premiert i pausa på eliteseriekampen mellom Sogndal og Aalesund.


Hoppeslott

Lerum Cup stiller opp med Vestlandet sitt største hoppeslott. Her kan du boltre deg i heile 50 kvadratmeter med sklier og hopp. Passar frå 7 år og oppover.

Skihopp

Prøv skihopp midt på sommaren i Sognahopp si eige minihoppbakke. Her kan born i alle aldre teste sine flyeigenskapar. Ei luftig oppleving for flyglade ungar. 

Bungeerun

Spring så langt du kan før strikken dreg deg tilbake. Her kan du konkurrere med kompisen eller venninna di. Kven kjem lengst? Passar alle aldrar. 

Boksering

Med megastore boksehanskar kan du denge i veg på enten venninna eller far din. Eller kanskje du har noko uoppgjort med naboen? Her kan du utfordre kven du vil til ei real batalje.

Sumofotball

Kanskje du har lurt på korleis sumobrytarar spelar fotball? No har du moglegheit til å testa sjølv. Tre på deg sumodrakta og utfordr ein annan vennegjeng. 3 mot 3. Sumofotball passar for både born og vaksne.

Fotballradar

Skyt du hardast i vennegjengen? Eller er det Ronaldo som er målet? Test ei gong for alle kven som skyt hardast. Passar for alle.

FIFA-turnering

Viss Sogndal nokon gong kan slå Barcelona, så er det i FIFA. Her bestemmer du sjølv lag og utfordrar. Kampane blir spelt i 2x4min. Passar for alle aldrar.

Laserskyting

Her får du moglegheit til å prøve skiskyting med lasergevær. Samanlikn deg mot dei beste i verda. Er du den nye Johannes Thingnes Bø?

For dei minste

Aktivitetsparken vil også innehalde fleire aktivitetar for dei aller minste borna. Blant desse eit hoppeslott for dei mellom 3 og 7 år

+ mykje mykje meir

Spørsmål om cupen? Ta kontakt:

Telefon 57 62 90 90 (Kontortid kl.10-15)

E-post: [email protected]

Instagram: @lerumcup.fotball

Heimeside: http://fotball.lerumcup.no/

Annonse fra Obos-ligaen: