Kåra til årets dommarklubb

På Miljøhelga i Førde vart Sogndal kåra til Årets Dommarklubb av NFF Sogn og Fjordane

Sogndal Fotball med Frank Heggestad og Brede Nymark i spissen mottok i dag prisen "Årets dommarklubb" frå NFF Sogn og Fjordane

Sogndal har i løpet av dei siste åra teke grep i rekrutteringa av nye dommarar, og dette har gitt gode resultat.

- Dette var utuleg stas, seier dommar Frank Heggestad, som og og er leiar i Breiddestyret til Sogndal Fotball.

- Me har jobba systematisk med dommarane dei siste åra, og det er svært kjekt at dette no viser igjen, seier Heggestad.

- Klubben er heilt avhengige av gode dommarar, og me skal jobbe hardt vidare for å heve kompetansen og skape eit trygt og godt miljø for våre dommarar, seier Heggestad. 

I grunngjevinga frå NNF Sogn og Fjordane står det:

Klubben i Sogn er ikkje kjent for å ha prioritert dommarsatsing.  Dei siste åra har klubben endra haldning og hatt fokus på gjere ein innsats for å få fleire dommarar med i eigen klubb. Ved å melde på spelarar i klubben på klubb –og rekrutteringsdommarkurs, har det blitt fleire dommarar i klubben, samt dommarar som er med og dømmer i kretsregi.
Klubben har heile 6 dommarar som dømmer 12 kretskampar eller meir i sesongen 2018, samt to dommarar som har tett på 12 kampar.

Frå å vere meir eller mindre fråverande på dommarutvikling, har altså klubben teke grep og lagt til rette for ivrige og dedikerte unge dommarar, i lag med dei meir erfarne. Det er imponerande og fortener ein stor applaus!

Pris:        SFE gåvesjekk på 15 000

Frank Heggestad dommar
Annonse fra Obos-ligaen: