Kjenner du "Årets fotballmamma"?

NOMINER DIN KANDIDAT TIL PRISEN «ÅRETS FOTBALLMAMMA»

Kjenner du ein spesiell person som ALLTID stiller opp i vêr og vind, høgt som lågt, og verkeleg ordner opp for at ungane skal ha eit trygt og godt fotballmiljø? Då kjenner du kanskje «Årets fotballmamma»! 

Annonse:
I haust skal klubbane i OBOS-ligaen, i samarbeid med klubbnorge, jakta etter den personen som i aller størst grad fortener heidersprisen «Årets fotballmamma». Dette er ein person som alltid stiller opp og legg til rette for at barn og unge skal ha eit så trygt og godt fotballmiljø som mogleg. 

Nominer her og hjelp din lokale «fotballmamma» til sigeren!

Norsk fotball er bygd på dugnadsånd og i haust vil OBOS gje nokok tilbake til dei som alltid står på for sin lokale breiddeklubb. Vedkommande som blir valt til å motta heidersprisen vinn eit gåvekort på 10 000 kroner, samt 50 000 kroner frå OBOS til sin lokale breiddeklubb. 

Korleis fungerar nominasjonen og utvelginga av «Årets fotballmamma»? 

Frå 28. september og fram til 15. oktober kan alle som vil nominera sin kandidat til prisen på våre, eller eit anna lag i OBOS-ligaen si heimeside. Når alle dei nominerte er registrert følgjer ein lokal avstemming der man stemmer på kandidatane, og vinnaren av denne får 10.000,- til sin lokale breiddeklubb. 

Vinnarne av dei lokale avstemningane går så vidare til ein nasjonal avstemming der ein jury kårar prisvinnaren blant dei tre kandidatane med flest stemmer. 

Vinnaren av «Årets fotballmamma» blir offentleggjort på Fotballfesten 2018 den 25. november på Ullevaal stadion, og vinn eit gåvekort verdt 10 000 kroner, samt 50 000 kroner fra OBOS til sin lokale breiddeklubb. 

Nominer her og hjelp din lokale «fotballmamma» til sigeren! 

 

Annonse fra Obos-ligaen: