Hetle kan bli Årets fotballtalent

Keepertalentet Håvard Hetle (15) frå Breim er ein av seks fotballtalentar som kan bli kåra til Årets fotballtalent av Norges fotballforbund, Equinor og TV2. 

Hetle signerte ein 3 års avtale med Sogndal Fotball i summar. Han er utleigd til Stryn i haust.

 – Det er veldig overraskande og kjekt å bli nominert til årets fotballtalent, fortel Hetle.

Hetle blei handplukka som ein av seks talent, både frå gute- og jentefotballen, som kan bli kåra til Årets Fotballtalent.

Juryen består av Brede Hangeland, Jesper Mathisen og Solveig Gulbrandsen i samarbeid med Morgendagens Helter, i regi av NFF, TV 2 og Equinor.

Kåringa skjer 19. november.



Annonse fra Obos-ligaen: