Skulebesøk i Aurland

og trening med Aurland G10/11

I dag har Sogndal Fotball og MOT Sogndal vore på besøk ved Aurland Barne- og Ungdomskule. Der vart me godt tatt i mot av 50 sterke og robuste ungdomar.

- I dag har me gjennomført vårt femte skulebesøk i fylket. Me ynskjer å vere til stades der ungdomen er, skape gode relasjonar og vere sterke forbilder for ungdommane. Det er viktig for oss å vere synlege, fortel dagleg leiar Hilde Østbø.

Skulebesøka har som formål å formidle gode verdiar til ungdommane, og sette ord på kva som må til for å verte toppidrettsutøvar.

Aurland skulebesøk MOT
Sogndal Fotball og MOT på besøk ved Aurland Barne- og Ungdomskule

Sport var i dag representert ved Ulrik Fredriksen, Stanisa Mandic og Nils Tore Kross Haug.

På agendaen var tema som motivasjon, trening, kosthald og evna til å ta ansvar for eigen utvikling.

- Dette var eit flott besøk. I Aurland tek dei oss i mot med opne armar og gode smil. I løpet av dagens foredrag har me sett fokus på kva som skal til for å prestere, både på skulen og i toppidretten, seier spelarutviklar Nils Tore Krosshaug.

- Det er viktig at ungdommen sjølv er ansvarlig for sin kvardag og sine rutinar slik at dei får den utviklen dei ynskjer. Dersom me kan vere med å påverke ungdommen til å ta ansvar for eigne val og skape gode rutinar både på skulen og i treningskvardagen, har me gjort noko riktig i dag, fortel Krosshaug.

Ulrik Fredriksen og Stanisa Mandic delte med anna sine erfaringar som 13/14-åringar. 

Trening med Aurland G10/11

Etter skulebesøket var det tid for trening saman med Aurland G10/11. Her var det fokus på teknikk og fotballglede, og me fekk ein internkamp mellom «Sogndal» vs. «Brann».

- Dette var ekstremt stats. Gutane har gleda seg lenge til å få besøk av Sogndal Fotball, fortel ein ivrig Aurlandtrenar Daniel Andersen.

- Det er kjekt med nye impulsar og øvingar både for gutane og meg. Og eg kan sjå at gutane er ekstra disiplinerte i dag og følgjer godt med på kva som vert sagt, fortel Andersen.

Aurland skulebesøk G12
Spelarane på Aurland G10/11 følger ivrig med.

Krosshaug avslutta dagens økt med følgande tilbake melding;

- Eg er imponert over viljen og innsatsen de legg ned til å springe både med og etter ball. Det er ein viktig del av fotballen. I tillegg vil eg trekkje fram keeperane som var svært flinke i igangsettingsfasen i dag. Kjekt å vera i lag med dykk!

Aurland, Årdal, Lærdal kommuneprosjekt
Aurland, Årdal, Lærdal kommune er kommuneprosjekt på kampen mot Mjøndalen tysdag 28. aug kl.19:00. Det vil seie at alle som bur i ein av desse kommunane vert invitert til gratis kampoppleving på Fosshaugane Campus.

Bestill eller kjøp din kampbillett her.

Kommuneprosjektet i Aurland, Årdal, Lærdal er sponsa av Aurland Kommune, Aurland Sparebank, Lærdal Kommune, Indre Sogn Bil, Monter Andersen og Lærdal Grønt. 

Neste skulebesøk er tysdag 11. september ved Vik Ungdomskule.

Annonse fra Obos-ligaen: