Bånn gass med Tine Fotballskule!

Mykje fotballglede i Sognahallen og på Kvåle denne veka

Måndag samla 120 ungar i alderen 7-11 seg i Sognahallen for å starte årets Tine Fotballskule. Det var ein spent og glad gjeng som fekk utdelt t-skjorter og sekk frå TINE, samt kvar sin ball ifrå Umbro.

Dei ulike gruppene vil vera i aktivitet både på Kvåle og i Sognahallen i løpet av veka. Deltakarane skal igjennom to daglege økter frå måndag til onsdag, før turneringsspel og grilling avsluttar fotballskulen for denne gong på torsdag.

Her er nokre bilete frå dagens økt (Foto: Sjølvaste Henrik Furebotn)

Fokuset i løpet av veka handlar først og fremst om oppførsel og det å opptre respektfullt mot både instruktørane og dei andre deltakarane på fotballskulen. Ellers handlar det om å vera i bevegelse og å ha det kjekt med gode vener og kanskje også få seg nokre nye.

Me håpar at Tine Fotballskule, i år som andre år, blir ei kjekk oppleving for alle deltakarane og at dette kan være ein fin inngang til eit nytt skuleår.

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: