Besøk av verdens beste fotballspelarar

Smil, glede og latter då Sogndal Fotball og Coop var på besøk i Balestrand

Onsdag 6. september fekk 5- og 6-åringane i Balestrand Fotball IL besøk av Sogndal Fotball og Coop. Dei var heldige vinnarar av eit full draktsett levert av Coop.

Ole Amund Sveen, Christophe Psyché og Edin Øy var med på utdelinga, og Balestrand trenar Kristian Kyrvestad var ikkje beskjeden i sin introduksjon av karadn frå Saftbygda.
- Veit dikka kven detta er? Dette er nokon av verdas beste fotballspelarar, kunne Kyrvestad fortelja dei små håpefulle.


Coops draktkampanje
Coop er ein av Norges største sponsorar av norsk barne- og breiddeidrett, gjennom samvirkelagenes mange lokale sponsorat og Coop Norges store, nasjonale satsningar. Når Coop med sine 1,5 millioner medeiere skal bidra til idretten, ynskjer dei at flest mulig skal kunne dra nytte av det. Den største og mest synlege forma for støtte til barne- og breiddeidretten er den årlige draktkampanje der Coop i år delar ut 1000 draktsett, noko som svarar at Coop støttar over 20 000 spelarar og lagleiarar i heile landet med nye drakter. Kvart draktsett består av drakt, shorts og strømper til 18 spillere. Kvart lag får også eitt keeper-sett og tre trenartrøyer samt 18 markeringsvestar.

Draktsett er ein stor kostnad for klubbane. Gjennom å bidra til at klubbar i heile Noreg kan få draktsett, håper Coop at fleire barn og unge har høve til å bli med og bli verande i idretten – også dei som faller utanfor på grunn av svakare økonomi. 

Korleis fungerar draktkampanjen?
Alle lag kan søke om å få tildelt draktsett og søknadar må sendast inn elektronisk via søknadsskjema på coop.no/sponsor.

Annonse fra Obos-ligaen: