Besøk på spelarhotellet

NISO og FinnDinSpiller var innom med nyttig info til karane

Etter treninga i går, fekk karane besøk frå spelarorganisasjonen NISO på hotellet. NISO er idrettsutøverane sitt fagforbund, og ligg under LO.

Der fekk spelarane nyttig info, og ein presentasjon av kva organisasjonen kan hjelpa med.

Nicolai Løland Dolva og Eirik Monsen var NISO sine representantar under besøket.

Les meir om NISO her.

Også to karar frå FinnDinSpiller var på plass. Dei har eit tett og godt samarbeid med NISO. Enkelt sagt er FDS spelarane sitt svar på Tinder, der dei kan marknadsføra seg sjølv på eigen profil, og slik gjera seg synlege på spelarmarknaden.

Brørne Stian og Steffen Nikodemussen er karane bak denne sida.

Les meir om FinnDinSpiller her.

Annonse fra Obos-ligaen: