Besøk av Estlands Fotballpresident

Denne veka var Aivar Pohlak, Estlands Fotballpresident og eigar av FC Flora Tallin, på besøk på Fosshaugane Campus.

Sogndal Fotball ynskjer å tenkje større enn seg sjølv, og denne veka var Estlands Fotballpresident Aivar Pohlak på besøk på Fosshaugane Campus. Hensikta med besøket var å diskutere eit mogleg samarbeid med Sogndal Fotball og Høgskulen på Vestlandet.

Aivar Pohlak er eit stort namn i Europeisk Fotball og er sentral i det meste som rørar seg i estisk fotball. Han har vore Fotballpresident sidan 2006, og har aktivt vore med å danne strukturen i estisk fotball sidan 1993. Pohlak var også svært delaktig då Tore Andrè Flo vart proff i Chelsea i 1997. Les meir om Pohlak her.

Mykje fotballkunnskap
Pohlak er ein eksentrisk og reflektert herremann som sit med mykje god fotballkunnskap. Han er særleg oppteken av å skape balanse mellom det emosjonelle og det rasjonelle i fotballen.

- Eg trur dei fleste fotballtrenarar handlar på intuitive instinkt eller rasjonelle tankar, mens det emosjonelle aspektet ikkje alltid blir like godt ivaretatt. For å skape ein god balanse er det viktig å sette saman gode trenarteam med ulike personlegheiter. Dette har me lukkas med i dei ulike landslagsteamene og i FC Flora, fortel Pohlak. 

Eigar av toppklubben FC Flora
Pohlak sin familie er eigar av toppklubben FC Flora som har gjort det svært godt dei siste åra. Sonen Pelle Pohlak har følgt i farens fotspor og er president i klubben. I dag er FC Flora landets største idrettslag - Les meir om klubben her.

Yngve Hallèn Aivar Pohlak Håvard Flo Alte Sæterbakken Vegard Fusche Moe
Frå venstre: Yngve Hallèn (SF), Håvard Flo (SF), Alte Sæterbakken (HVL), Vegard Fusche Moe (HVL) og Aivar Pohlak.

Fotball er ein "ny" idrett i Estland
- Etter 45 år utan fotball i Sovjetperioden, var fotball svært lite anerkjent i Estland. Då eg kom inn i forbundet i 1993 starta me arbeidet med å skape ein entusiasme rundt idretten, og auke talet fotballspelarar i landet. Målet var at fotball skulle ha ei større og viktigare rolle i samfunnet enn tidlegare, fortel Pohlak.

- I dag er fotball den mest populære idretten i Estland.

Positiv til samarbeid
- Eg er svært nøgd med møtet me har hatt her i dag. Samarbeidet mellom Sogndal Fotball og Høgskulen er veletablert, og det er tydeleg at ein "open" garderobekultur har høsta frukter hjå begge aktørar. Eg er svært positiv til eit samarbeid, og trur me har mykje å lære av kvarandre, seier Pohlak.

- Samarbeidet som er etablert med tanke på fotballanalyse, tracking av fysisk prestasjon og fotballens samfunnsrolle er svært spennande, seier Pohlak.

- Me ynskjer eit godt samarbeid med Norge på eit nasjonalt nivå, samt mellom toppklubbane i dei representative landene. Eg trur at eit samarbeid her i Sogndal er ein god start, fortel Pohlak.

Kjørte ”innom” Sogndal på vegen frå Tallin til Zürich.
Pohlak kjører alltid bil uansett kvar han skal. Denne gongen gjekk reisa frå Tallin, og med seg til Sogndal hadde han sin kone, dotter og hund. No er dei på veg til Zürich.

Yngve Hallèn Aviar Pohlak
Yngve Hallèn og Aviar Pohlak diskuterer nye moglegheiter
Annonse fra Obos-ligaen: