Bli med på moroa!

Stå som ein ekte supportar - bli med Juniorsvingen på kamp!

La du merke til Juniorsvingen som ynskte velkomen til kamp førre heimekamp? På søndag kan du og bli med!

Informasjon om JUNIORSVINGEN

I samarbeid med Saftkokaradn og MOT etablerer me "Juniorsvingen". Eit eige området for våre yngste supportarar på Familietribuna (felt S og T).

Juniorsvingen vil vere eit området som kun er ope for barn. Området er tilpassa slik at borna kan vere på kamp på sine eigne premissar.

Juniorsvingen har unummererte sitteplassar og med moglegheit til å stå. Her får borna bevege seg under kampen og får stå som ein «ekte supportar».

Kampbillett
Så lenge borna har kampbillett på familietribuna kan dei vere på Juniorsvingen.

Kjøp kampbillett her

Aldersgrense
Barn som skal opphalde seg på Juniorsvingen må klare seg på eigenhand. Det vil vere ungdommar frå MOT tilstades på feltet som er med og aktiviserer borna og ser etter at alt går fint føre seg.

Flagg og sanghefter
I Juniorsvingen får borna låne flagg og det blir delt ut sanghefter. Nokre gonger vil det og vere ansiktsmaling på feltet. A-lagsspelarane kjem bort etter kampslutt og helser på.

Løpe med flagg før avspark
For dei som ynskjer vil det vere mogleg å løpe med flagg inn på grasmatta og rundt midtsirkelseglet på Fosshaugane før avspark. Dei små supportarane må då vere påplass på feltet seinast 15 minutter før avspark.

Annonse fra Obos-ligaen: