Bok: Superlag frå Sogndal

Bokslepp på Bakkeplassen klokka 13.00

I morgon klokka 13.00 kjem endeleg boka til Rune Timberlid: Superlag frå Sogndal!

Mange er me som har venta på denne boka, no er den her! 192 sider og 250 bilete med historien om Sogndal Fotball frå då me kom inn i seriesystemet under trenar Per Ingar Sviggum i 1963 og fram til 2019.

- Lesaren vil sjå at det går ein raud tråd gjennom boka, seier forfattaren, som me i klubben har vore så heldige å ha rundt oss på jamnleg basis i halvanna år medan boka har blitt til.

- Eg har fått mykje god hjelp under arbeidet med boka frå folk både i klubben, i bygda og i lokalavisa. Rolf Navarsete peikar seg nok ut som den aller beste kjelda, fortel Timberlid.

- Kvart tiår har levd sitt eige liv. Eg må trekkja fram det som skjedde på åtti-talet. Då var det ein tøff jobb med å byggja toppfotball-kultur på Fosshaugane. Ein skulle ha økonomi og anlegg på plass, og den jobben som vart gjort desse åra, la på mange måtar grunnlaget for det ein kan sjå i dag, seier Rune Timberlid dagen før dagen.

Ta turen på Bakkeplassen klokka 13.00! Det vil óg vera eit slepp klokka 16.30 i samband med G19-kampen. Då er Norli frå Amfi Sogningen på plass i lag med forfattaren. 

Ein kan betala med både vipps og kontant.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: