Burvaktaren frå Bergen

Bli betre kjend med Mathias Dyngeland

Mathias spelte i Fana i sine yngre år. Allereie som femåring jakta han lærkula. Då han var gamal nok starta han med smågutelag, og etterkvart elitesatsing i Fana. Han fekk tidleg sjansen på eit A-lag, som hadde rykka ned frå 2.divisjon til 3.divisjon. Når han var femten fekk han rykka opp att til 2.divisjon med dette laget.

Dyngeland gjorde ein god innsats mot Brann i ein cupkamp. Dette førte til at han fekk koma inn på talentsatsing for Noreg og sjansen på aldersbestemte landslag. Her vart han plukka opp at Terje Skjeldestad, og invitert med på tur med Sogndal. Han var med laget til La Manga i 2012, det gjekk fint, og han signerte for klubben etter dette.

Mathias Dyngeland StartH 2016 Foto - Rune Sjøberg (3)
Mathias i mål mot Start i 2016. Foto: Rune Sjøberg


Kva er ditt beste minne i Sogndalsdrakta?


Eg har fleire gode minne, og enkeltkampar; når me slår Brann heime og borte. Det å vinne og å få ein debut. Beste minne er nok at me rykka opp i 2015.


Du fekk din debut for Sogndal for Sogndal i 2014 mot Stabæk?


Det stemmer det. Trur eg var 18 år gamal, og dette var fyrste kamp i fyrste serierunde. Dette hadde vore målet mitt gjennom heile oppkøyringa vår. Ei kjekk oppleving, seier Mathias.

Mathias Dyngeland StartH 2016 Foto - Rune Sjøberg
Mathias boksar ballen vekk frå mål. Foto: Rune Sjøberg


Kven er du?


I kvardagen er eg er ein roleg gut, som er omtenksam og audmjuk. Tek ikkje så mykje plass. På fotballbana derimot kan eg bli litt aggressiv og meir bestemt og tydleg. Ein skrur litt på, på ein annan måte, når ein kjem ut på fotballbana. Då kjem konkurranseinstinktet fram, og ein gjer alt for å vinna. Eg er ikkje akkurat den same personen på og utanfor bana, seier burvaktaren.


Utanom fotballen har Dyngeland planar om å starte på økonomiutdanning til hausten. Elles så slappar han av, spelar playstation og fiskar med nokre på laget. Han likar natur og ski. Mykje av kvardagen går likevel med til fotball, førebuingar, ete riktig, sove og trene.

Mathias Lønne Dyngeland

  • Alder: 21 år

  • Vaks opp i: Fana

  • Posisjon: Keeper

  • Kampar for Sogndal: 68

  • Draktnummer: 1

Annonse fra Obos-ligaen: