Buss til Ålesund

Saman med Holen Installasjon, Amfi Sogningen og Sogn Næring set me opp buss til Ålesund torsdag 29.nov. Pris: kr 250,-

Bli med oss til Ålesund.

Torsdag 29. nov kl.18:00 spelar me den andre kvalifiseringskampen om opprykk til Eliteserien. Me møter Aalesund på Color Line Stadion.

Kjøp billett her

Me vil gje karadn den støtta dei fortener og set opp buss tur/retur. Bli med på laget, det er no det gjeld!

Våre gode samarbeidspartnarar Holen Installasjon, Amfi Sogningen og Sogn Næring er med på laget og sponsar delar av turen til Ålesund. Dei vil sjå deg på tribuna.

Info:
Kl.12:00 - Avgang frå Skysstasjonen
Kl.16:00 - Ankomst Color Line Stadion
Kl.18:00 - Kampstart: Aalesund vs. Sogndal
Avgang Sogndal etter kampslutt
Kl.01:00 - ankomst Sogndal (evt seinare ved ekstraomganger)

Me har totalt 48 ledige seter i bussen - første mann til mølla!

Pris: kr 250,- inkl kampbillett (verdi kampbill.: kr 100,-)

NB! Det må minimum vere 20. påmeldte for at bussen skal gå.

Kjøp billett her

Bussen stoppar: Fjærland, Skei, Byrkjelo og Stryn. Skriv i kommentarfeltet i bestillinga kvar du skal på.

Annonse fra Obos-ligaen: