Coop blir hovudsponsor for Eliteserien i fotball

- Med si eigarform deler Coop og Fotball-Noreg verdiar som ansvar, lagånd og samhald. Og på same måte som fotball, er Coop ein folkeleg aktør som skaper eit stort og breidt engasjement i alle delar av landet. Våre spelarar kjem frå breidda, og gjennom avtalen blir det knytt tettare band mellom breidde og topp, seier administrerande direktør i Norsk Toppfotball, Leif Øverland.

- Coop er eigd av våre kundar og me er opptekne av å støtta dei idrettane som engasjerer befolkninga. Målet er å inspirera og motivera alle som driv med trening og fysisk aktivitet, og alle som har lyst til å få meir aktivitet i kvardagen. Fotball er folkesport nummer éin for både stor og små, og me er stolte av å vera med å utvikla norsk breidde- og toppfotball i åra som kjem, seier konsernsjef Geir Inge Stokke i Coop Norge SA.

Over 374.000 store og små spelar på landet sine 30.412 fotballag. 130.000 foreldre, frivillege, trenarar og leiarar bidreg frå sidelinja. Laga i den øvste ligaen samlar i overkant av 1,6 millionar tilskodarar i løpet av ein sesong. I tillegg kjem alle dei som fylgjer sitt favorittlag via TV, nett eller i andre kanalar.

- Fotball er ikkje berre viktig for den lokale tilhørigheita, men idretten gjer også ein enormt viktig jobb med inkludering av barn og ungdom. Coop heiar på alle, og har i mange år vore ein viktig støttespelar for fotball-Noreg. Blant anna har me delt ut drakter til tusenvis av fotballag og vore sentral sponsor i store og små sportsarrangement. Mange av profilane i Eliteserien, som i dag er viktige førebilete for yngre spelarar, har difor truleg spelt med Coop på ryggen også i startgropa av si idrettskarriere, seier Stokke.

Sponsoravtalen er 3-årig med opsjon på ytterlegare to år, og inneber at Coop går inn som hovudsponsor for Eliteserien, samt samarbeidspartnar til Norsk Toppfotball og delpartnar til OBOS-ligaen.

Gjennom sponsoravtalen vil Coop gjere det enklare for endå fleire å oppleve sine førebilete på stadion.

- Coop tilbyr sine medeigarar attraktive fordelar og ein viktig del av avtalen er å utvida med attraktive rabattar på billettar. Detaljane rundt dette jobbar me med, men målet er å gjere fotballen endå meir tilgjengelig for alle våre kundar. Me skal også jobbe vidare med ulike prosjekt som styrker breiddeidretten, seier Stokke.

Coop har stor respekt for klubbane sine eksisterande samarbeidspartnarar. Difor vil OBS Bygg bli fronta der klubben har ein samarbeidspartnar som er i konkurranse med Coop.

Norsk Toppfotball seier at avtala med Coop vil få stor betydning for bandet mellom breidda og toppen i norsk fotball.

Annonse fra Obos-ligaen: