Cup, grilling og autografar

Tine Fotballskule setter punktum på ei flott veke

- Dette trur eg er den beste fotballskulen me har hatt, seier Marius Kloster som er ansvarleg for årets fotballskule.

Tine Fotballskule er over for denne gang, og Kloster kjem berre med skryt etter ei kjekk veke.

- Me har hatt med oss deltakarar som har lyst til å spele mykje fotball, pluss gode instruktørar, lite tull, og me sitt igjen med mange gode opplevingar og mykje godt humør. Denne veka var det mange smil å sjå på deltakarane, noko som er utruleg viktig på ein slik fotballskule.

A-laget var og med og bidrog.
- Eg vil og trekkje fram A-laget vårt. Dei var med som instruktørar på tysdag og gjorde ein svært god figur der. I tillegg var dei med på grillinga i dag, og det var veldig populært. Eg trur det meste som kunne bli signert vart signert; Drakter, sko, armar og bein, fortel Kloster med eit smil.

- Deltakarane fekk skyte på Dyngeland og sentre med Johan Hove. Dette skapar gode relasjoner og forhåpentlegvis meir støtte på heimekampane frå dei små, avsluttar Kloster.

Film: Ingvild Fridtun og Thea Wigum


Foto: Youri van der Werde

Annonse fra Obos-ligaen: