Cupeventyret 2018

Påmeldinga til Lerumcup 2018 er no opna

Allereie første døgnet har nærare 20 lag sikra seg plass på neste års turnering.

Meld på ditt lag her

- Me har hatt ein del pågang siste døgnet i forhold til påmelding til turneringa. Det er spesielt mange spørsmål knytt til at me har valgt å endra innsjekksdag frå torsdag til fredag, og at avslutningsdagen/finaledagen då blir måndag. Dette var ei endring me var nødt til å gjera, grunna endringane i skuleruta for Sogn og Fjordane, seier cupsjef Mikkel Frodahl. 

Cupen går av stabelen i indre Sogn frå fredag 22. juni til og med måndag 25. juni. 

Lerum Cup er ei fotballturnering for jenter og gutar i alderen 10-14 år, og spelast på både 7ar og 9ar banar. 

Påmeldingsfrist er 1.mai. 

- Antal lag i turneringa har variert mykje dei siste åra, men eg trur at me i år får ei fulltegna turnering. Det skjer nok nokre endringar rundt cupen, som blir bra for deltakarane som gjer at cupen blir enda betre, fortel Frodahl

Oppmodinga er klar frå cupsjefen
- meld på laget så fort som mogleg, så er du i allefall sikra plass. 

Meld på ditt lag her

Annonse fra Obos-ligaen: