Dagens kamptropp

UEFA Youth League, FC Honka - Sogndal, Telia 5G Arena i Helsinki, Avspark klokka 17:30 (norsk tid)

Me er i Finlands hovudstad Helsinki med det fantastiske G19-laget vårt.

I dag skal desse unge og talentfulle gutane spela om avansement i Europa. Første kampen enda med ein 3-1 siger på ein historisk jubelkveld på Fosshaugane Campus.

Les meir om det første møtet her

Me har snakka med ein spent trenar før kampstart. Nils Tore Krosshaug gler seg veldig til kamp.


Troppen Nils Tore og kompani har med seg til Finland består av desse spelarane:
Håvard Hetle, Fartein Bøyum, Eivind Helgesen, Kasper Bordvik, Adrian Solberg, Eirik Lereng, Mikkel Erlandsen, Eirik Stokkanes, Sivert Mansverk, Elias Mittet, Vegard Halset, William Rakkenes, Anders Nord, Per M Thune, Filip Mardal, Johan Bakke, Gøran Njøs, Mathias Sundberg og Iver Skorve.

Kampen blir streama, bare klikk inn og bli med oss på ferden i Europa. Avspark er klokka 17:30 norsk tid.

Dei som har reist den lange vegen og er her i Helsinki, får gratis inngang. Sei i billettluka at du er sogndalssupportar, så får du billett.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: