- Det er éin veg, og det er opp!

Romjulsprat med ein offensiv Eirik Bakke

Sesongen 2017 vart avslutta på ein brutal måte: Nedrykk etter straffesparkkonkurranse. Me var skuffa og lei oss nokre dagar, så bretta me opp ermane og sette fokus inn mot neste år.

I 2018 skal me spela i OBOS-ligaen. Det blir ein spennande sesong, der me skal møta både Aalesund og Viking, og me skal spela seriekampar mot våre vener der i vest, Florø. Ja, og ein haug med andre spennande og tøffe kampar.

Trenar Eirik Bakke ser tilbake på eit år der mykje ikkje gjekk vår veg, og det er ein optimistisk og offensiv trenar som startar opp etter nyttår. Me tok ein romjulsprat med Eirik.


Treningane startar opp att den 16. januar. Allereie laurdag 20. januar går første treningskamp i Sognahallen, og det er Florø som er motstandar. Laurdag 27. får me Lillestrøm på besøk.

Me kjem med ein oversikt over preseason 2018 over nyttår.

Annonse fra Obos-ligaen: