Edin Øy på MOT skulebesøk

MOT: Skulebesøk i 8.klasse på Kaupanger Skule

Tysdag 12.september var Edin Øy på MOT-skulebesøk hos 8.klasse på Kaupanger Skule. Temaet for dagens økt var "FOKUS".

Kvart år er Sogndal Fotball aktivt med MOT på ulike skulebesøk. I år får alle 8-ene og 9-ene klassane på Kvåle og Kaupanger Ungdomskule besøk frå Sogndal Fotball. Besøket på Kaupanger var 8.klasse sin tredje samling med MOT, og denne gang hadde MOT-ambassadør Runa Buene ei overrasking på lur; Elevane fekk denne gang besøk av Sogndal spelar Edin Øy.

Runa Buene og Edin Øy
Runa Buene og Edin Øy

8.klassen ved Kaupanger Skule var midt i MOT-undervisning med Runa, då aordølingen Edin smatt hove inn døra. Det såg ut til at dei fleste vart overraska då det litt kjende fjeset dukka opp. Klassen var midt i undervisninga som omhandla temaet ”FOKUS” då Edin dukka opp.

I eit lite friminutt fekk Edin vera med å spela fotball med dei aller ivrigaste som fekk bryna seg på topp fotballferdigheter. Etter friminuttet kom heile klasse springande inn etter ark og tusj, omtrent alle ville ha autografen til fotballspelaren.

På slutten av oppheldet til Edin vart det ein liten spørjerunde. Elevane spurte om alt, frå kva som skal til for å bli ein god fotballspelar, om han spela FIFA, og om han hadde kjærast. 

8. klasse på Kaupanger Skule
8. klasse på Kaupanger Skule

Vellukka skulebesøk
- Sogndal Fotball gjer eit godt arbeid saman med MOT, som gjer det artig å vera med på slike skulebesøk, sa Edin etter besøket på Kaupanger.

Arbeidet Sogndal Fotball gjer saman med MOT vises godt, og ein kan skryta av det arbeidet. Nylig vant nettopp Sogndal Kommune pris for nettopp beste MOT-kommune i Noreg.

Sogndal Fotball er stolt MOT-ambassadør

 

Annonse fra Obos-ligaen: