Egil Mundal sluttar som leiar i Sogndal Fotball

Egil Mundal tok leiarvervet i Sogndal Fotball i 2010, og har blitt ein markant leiar i norsk toppfotball. Han har no takka ja til nye utfordringar, og vil bli dagleg leiar i teknologiselskapet Rocketfarm AS.

«Sogndal Fotball har hatt ei flott utvikling i tida med Egil som leiar. Både sportsleg og administrativt har klubben bygd eit sterkare fundament i norsk toppfotball. Han har jobba målretta mot å vidareutvikla samspelet mellom ulike fagmiljø på Fosshaugane Campus, og han har særleg ivra for å gjere fotballklubben meir teknologi- og kunnskapsbasert. At Egil no skal bli leiar i ei teknologibedrift på Campus er spennande i høve å utvikle dette samspelet vidare. Me takkar Egil for innsatsen, og ynskjer han lukke til med nye utfordringar», seier styreleiar Tor Arne Ness.

«Eg har fått gått ein fantastisk leiarskule i Sogndal, og det har gitt meg uendeleg mykje som eg vil være evig takksam for. Etter over ti år i klubben har hovudet no behov for nye utfordringar, medan hjarta har behov for å bruke meir helgetid på flokken min heime». «Som så mange andre ynskjer eg sjølvsagt å kunne bidra kring klubben på frivillig basis i åra som kjem» seier avtroppande leiar Egil Mundal.

Egil vil i ein overgangsfase bidra inn mot lisensrapportering og arbeid mot sponsorbedrifter i klubben. Yngve Hallen, som er dagleg leiar i Sogndal Fotball AS, vil frå årsskifte vere konstituert til ny dagleg leiar er på plass.

For ytterlegare spørsmål:

Tor Arne Ness
Styreleiar Sogndal Fotball
M: 908 39860

Ingvar Stadheim Styreleiar
Sogndal Fotball AS 
M: 913 39798

Egil Mundal
Dagleg leiar Sogndal Fotball
M: 95273630

Annonse fra Obos-ligaen: