Ein artig kar frå Tønsberg

Markus vedlikeheld god garderobekultur og har planar om å etablere seg fast på laget i komande sesong. Les om opplevinga så langt:

Markus er opphaveleg frå Tønsberg og starta med juniorfotball her i heimbyen. Siste halvåret av vidaregåande flytta han til Oslo og spelte for Vålerenga. Sommaren 2014 skreiv han A-lagskontrakt ut året med klubben. Etter dette halvåret gjekk ferden vidare til Lillestrøm. I 2016 gjekk han på utlån til Strømmen, der han vinteren 2016 fekk fast kontrakt. Deretter havna han i Sogndal, og tok steget opp att til Eliteseriespel. Markus er ein av mange spelarar som har teke steget vidare frå Strømmen IF under leiing av Espen Olsen. - Det tyder på at han gjer noko riktig, seier Brændsrød.

- Månadane i Sogndal har vore bra, seier Markus. Han har vorte teken godt i mot, og alt rundt fotballen er veldig profesjonelt. Så veldig bra eigentleg, fasilitetane her er noko dei fleste andre ikkje har. Og at Sogndal er verdas einaste Eliteseriebygd er kult.


Har du nokre mål for komande sesong?

Komande sesong vil eg koma meg inn på startellevaren. Så langt har eg vore mykje skada, så det er kjedeleg. Neste år blir spennande.

markus dahlen brændsrød H Foto Ingvild Fridtun
Innbytar i heimekamp mot Kristiansund 2017. Foto: Ingvild Fridtun


Har det vorte noko golfspeling i Sogndal?


Eg har ikkje spelt noko golf her. Har høyrt at det er golf i Lærdal, men det har ikkje vorte.


Korleis er du som person i garderoba?


Eg likar at det skal vera god stemning fram til treninga startar, men etter det er alvor. Ein må by på seg sjølv i garderoba.

Markus Dahlen Brændsrød HaugesundH 2017 Foto - Rune Sjøberg (1)
På bana, mot Haugesund på Fosshaugane. Foto: Rune Sjøberg


Korleis har du opplevd haustsesongen?


Det har vore mykje marginer i mot denne hausten og ein kan seie at haustsesongen har vore ein krig. I løpet av ein sesong så går det litt opp og ned og det er viktig å ta ein kamp om gongen.

Markus Dahlen Brændsrød

  • Alder: 22

  • Vaks opp i: Tønsberg

  • Kampar for Sogndal: 4 (innbytar)

  • Posisjon: Angrep

  • Draktnummer: 20

Annonse fra Obos-ligaen: