Eirik Lereng har signert!

Den unge årdølen har fått A-lagskontrakt.

Sogndal Fotball og Eirik Lereng (f. 11/1 2001) har i dag signert ein avtale som går ut sesongen 2021.

Eirik er med det nok ein lokal, ung spelar som tek steget opp frå Sogndal 2. Eirik har allereie hatt debuten sin og står no med tre kampar i OBOS-liagen. Han har levert svært godt i desse kampane.

Den nye midtstopparen vår har gått ein veldig god skule i Årdal, der han har vore innom alle laga. Han starta fotballivet sitt i IL Jotun, gjekk så til Årdalstangen IL, før han slutta seg til Årdal FK. Før sesongen 2017 bestemte han seg for å satsa på fotballen, og meldte overgang til Sogndal.

I Sogndal 2 har han vore ein av bærebjelkane det siste året, og i fjor var han med på det allereie legendariske G19-laget vårt som vann både NM og Skandinavisk Meisterskap.

Trenar Eirik Bakke var glad for å ha fått inn ein årdøl til i stallen.





Me snakka også med ein veldig glad kar etter signeringa.

Me gler oss til kjekke år i lag med Eirik Lereng!

 

Annonse fra Obos-ligaen: