Eirik mønstrar av

Legg fotballskoa på hylla

Eirik Bergum Skaasheim har spelt sin siste kamp i Sogndaldrakta, no tek den unge karen frå Balestrand seg ein lang og velfortent ferie.

Den 20.10.2010 stod Eirik og jubla i lag med Saftkokaradn og feira opprykksgjengen. Han gjekk på vidaregåande og spelte midtbane på Sogndal 2.

Eirik var ikkje heilt ukjent med dei som jubla på graset. Han hadde debutert på A-laget i mai tidlegare det året, då han i det 79. minuttet kom inn i 1. runde- kampen i NM mot Årdal. I det 89. minuttet skåra han kampens siste mål, Sogndal vann 4-0.

5120940961_caa856a55c_o
Jubla for opprykket i 2010: Ein ung Eirik Skaasheim (Foto: Rune Sjøberg)

Det gjekk litt meir enn eit år før han debuterte i Tippeligaen. Det skjedde på Sør Arena mot Start. Den talentfulle ungguten var ofte med på A-lagstreningane, og fekk sjansen med eit innhopp mot sørlendingane i juli 2011.

Eirik Skaasheim StartB 2011 Foto - Rune Sjøberg (3)
Eirik i Tippeliga-debuten mot Start på Sør Arena (Foto: Rune Sjøberg)

Eirik spelte fortsatt på Sogndal 2, men det låg litt i korta at han ville få kontrakt. Etter å ha vore ein gjengangar i lagets treningskampar under oppkøyringa til sesongen 2012, signerte han rett før seriestart.

Jonas Olsson hadde stor tillit til "Skaas", som ikkje lenger var å finne på midtbana. 

- Eg vart omskulert til høgreback i Sogndal, tidlegare var eg offensiv midtbanespelar. Litt overraskande at overgangen gjekk så bra som den gjorde, då eg trudde at eg ikkje hadde ein einaste defensiv fiber i meg, fortel Eirik.

Me var i Skien, og det var knytt stor spenning til seriestarten mot Odd. Var 0-8 i treningskampen mot Sandnes Ulf på La Manga to veker tidlegare eit forvarsel om kva som venta? På ingen måte, skulle det visa seg.

Karane knuste til, og banka Odd 4-0 på Skagerak Arena. Eirik debuterte frå start på høgrebacken, og spelte som ein dreven veteran.

6870742292_b6ce0cb9d3_o
Debuterte frå start i Tippeligaen som ein dreven veteran (Foto: Rune Sjøberg)

Fire veker etter var det han Saftkokaradn kunne jubla for. Eirik hadde starta alle kampane, laget var ubeseira, og me kom frå sterke 2-0 mot Vålerenga på Ullevaal. TV-kamp og nesten 5000 på Fosshaugane då me møtte Even Hovland og regjerande seriemeister Molde. 

Gjestene tok leiinga i 1. omgang, men eit Malick Mane-show som førte til skåring av Tonny Brochmann gjorde at det stod 1-1. I det 76. minuttet fekk Eirik ballen av Tore Andre Flo rett foran Saftkokaradn. Eirik sikta på ein annan Flo, Ulrik, og slo eit strøkent innlegg. 2-1 og toppen av Tippeligaen etter 6. serierunde.

- Det var magisk. Russekompisane mine var på tribuna og me låg på toppen av tabellen, mimrar Eirik.

Eirik Skaasheim MoldeH 2012 Foto - Rune Sjøberg (5)
Skaas legg eit perfekt innlegg til Ulrik Flo som skårar mot Molde i 2012 (Foto: Rune Sjøberg)

Spelet på klubblaget vart lagt merke til, og Eirik fekk innkalling til turnering i Tsjekkia med G19-landslaget, der Gustav Valsvik var vel etablert. Han debuterte med flagget på brystet i mai 2012 mot Nederland. 

Eirik spelte heile kampen, fekk gult kort, og gjorde sakene sine så bra at han fekk fornya tillit og nye 90 minutt nokre dagar seinare, då i kamp mot Frankrike.

I 2012 og 2013 fekk Eirik mykje speletid, og han står bokført med 26 A-kampar i debutsesongen, og 27 året etter. Då fekk han og debut på U21-landslaget i Istanbul mot Tyrkia. Fem U21-landskampar blei det.

8969673982_bafb81892e_o
Eirik i aksjon mot Finland på AKA Arena, Hønefoss (Foto: Rune Sjøberg)

Sjå fleire bilete av Eirik frå denne kampen her.

Eirik hadde ein tøff utfordrar på høgre back i Taijo Teniste. Taijo var fast på Estland sitt A-landslag og vår mest stabile og kanskje beste spelar gjennom dei åra han var her. Han opererte ofte på venstre back, då vart det óg speletid for Skaasheim.

I 2014 kom den islandske venstrebacken Hjörtur Logi Valgardsson, ein av Jonas Olsson sine menn frå tida i IFK Göteborg. Logi stilte med rutine og landskampar i sekken og fekk mykje speletid av Jonas.

Dette førte diverre til at det vart mindre speletid på Eirik. I tillegg kom det ein del skadeproblematikk slik at det i 2014-15 vart mindre kampar. I 2016 kom den finske landslagsspelaren Jukka Raitala, og Eirik gjekk då på eit utlån til Hødd i vårsesongen. 

Denne artikkelen på NRK før sesongstart i 2017 fortel oss om ein jordnær og lojal gut som trass begrensa speletid dei siste åra alltid satte laget foran seg sjølv. Skadene og konkurransen om plassen gjorde at 2012 og 2013 vil stå som dei åra der Eirik gjorde det best. Det er kanskje eit paradoks at han no framstår som ein betre trent og klokare fotballspelar enn han var i dei åra.

Han spelte sin siste kamp i kvitedrakta i bitande kulde mot Stabæk.

IMG_0910
Spennande sluttminutt i bitande kulde på Nadderud. (Foto: Rune Sjøberg)

- Eirik er ein fantastisk gut, og det blir eit tomrom i gruppa no som han reiser frå oss, seier sportsleg leiar, Håvard Flo.

- Eirik var spesielt viktig i gruppa og garderoben no dei siste åra, då han var ein av veteranane i laget. Me må berre takka han for den flotte innsatsen han har lagt ned for oss, og ynskje han lukke til vidare, seier Håvard.

Parallelt med fotballspeling, har Eirik fullført vidaregåande og gjort unna studier, og han hadde sin siste eksamen måndag før jul. Han står no med ein bachelor i økonomi og adiministrasjon.

På langtur med Mathilde

Eirik gler seg veldig til lang ferietur i lag med Mathilde.
Eirik gler seg veldig til lang ferietur i lag med Mathilde.

No har han bevilga seg ein lang og god ferie i lag med kjæresten Mathilde. Dei har holdt i lag sidan dei møttest i barnehagen i Balestrand, og no skal dei gjera noko dei ikkje har hatt sjansen til tidlegare, reisa verda rundt.

- Eg gler meg veldig, seier Eirik. 

- Når gutane startar med blodslitet i oppkøyringa den 16. januar, tek me turen ut i verda og blir vekke dei neste 4-5 månadane. Først går turen til Sør-Afrika, det blir spennande. Deretter skal me reisa innom fleire land i Afrika, før me tek turen til Asia, avsluttar Eirik Bergum Skaasheim.

Me takkar Eirik for laget og for den solide innsatsen han har lagt ned for Sogndal Fotball heilt sidan 2010. Tusen takk, lukke til vidare, og stao pao!!

Eirik Skaasheim StabækH 2017 Foto - Rune Sjøberg (3)
Alltid med smilet på lur! (Foto: Rune Sjøberg)
Annonse fra Obos-ligaen: