Knut Øystein Ripe og Suzanne Scott

Eit spanande samarbeid

Sogndal Fotball og Suzanne Scott har inngått eit samarbeid

Me har snakka litt med fysisk trenar, Knut Øystein Ripe og Suzanne Scott angåande det nye samarbeidet mellom klubben og ho.

Suzanne har mange års erfaring med Weak Links Screening av fotballspelarar. Ho jobbar blant anna for fleire Premier League lag.  Gjennom screeninga ser ho etter svakheiter i rørslemønsteret til spelarane. Deretter finn ho øvingar som spelarane skal trene på for å forbetre rørslemønsteret sitt og førebyggje skadar. 

16487765_10155128407423678_3618755501896982540_o.jpg
Knut Øystein Ripe og Suzanne Scott

Suzanne vart introdusert for klubben første gang gjennom Sogndal Convention 2016 der ho blant anna haldt foredrag om individualisering av unge spelarar. Gjennom god dialog med Atle Sæterbakken frå Høgskulen og Kolbjørn Rydvang frå Idrettssenteret, kom Suzanne tilbake til Sogndal i haust for å halde eit nytt foredrag. Her vart også samarbeidet med klubben bestemt, og per dags dato skal samarbeidet vare ut 2017.

I januar kom Suzanne til Sogndal for å gjer den første screeninga av spelarane, i tillegg har ho vore nokre dagar nede på Gran Canaria for å gjere ein screening på dei nye spelarane, og allereie i mars kjem ho tilbake til Sogndal for å følgje opp utviklinga til spelarane.




Målet til Suzanne og Sogndal gjennom dette samarbeidet er å gi spelarane moglegheit til vidare utvikling og eit større eigarskap til eigen progresjon. Det er viktig at spelarane følar at det er ein meining bak det dei gjer, og at dei får eit utbytte av det.

I tillegg er det viktig at klubben legg til rette for at treninga vert utført. Dette gjer dei ved å setje av 20 minutt kvar dag før trening, der spelarane kan utføre eigentreninga si.

- Spelarane er særs positive til dette og tar det veldig seriøst, seier Knut Øystein Ripe.

Me i Sogndal er veldig glad for dette samarbeidet, og gler oss til dette året i lag med Suzanne.

 

Annonse fra Obos-ligaen: