Trening og foredrag med Even Pellerud

«Ein betre trenar» med Norges Fotballforbund og Sogndal

Som ein av 37 Eat Move Sleep ambassadørklubbar i Norge, er me i Sogndal så heldige å få besøk av Even Pellerud onsdag 24. oktober. 

Saman med vårt G/14  lag skal Even Pellerud vise i praksis korleis ein på ein god måte organiserer og gjennomfører treningar ute på feltet.

I tillegg skal han halde eit foredrag du heller ikkje bør gå glipp av. Det blir krydra med fotballfaglege tips og råd, og ikkje minst om korleis du som trenar kan lere spelarane om viktigheita av eit sunt og godt kosthald, god søvn og nok fysisk aktivitet.

Even Pellerud har erfaringar frå klubb og landslag – så han veit definitivt kva han pratar om. Her blir det mye å lære, enten du er trener for små eller store, debutanter eller ringrever! 

Bli med på laget

At det er nettopp me i Sogndal som får besøk er ikkje ein tilfeldigheit.

Me er som nemnt ein av 37 klubbar i Norge valt ut som Eat Move Sleep Ambassadører i 2018.

Oppgåva vår er å inspirere og spre kunnskap om viktigheiten av mat, mosjon og søvn innad i eigen klubb, men også til foreldre, støttespelarar og nærmiljø.

Difor ynskjer me og at våre naboklubbar skal få anledninga til å vere med når Even Pellerud kjem til oss, og me håper at fleire av dykka trenarar melder seg på.

Program onsdag 24. oktober:

·       Trening kl. 18.00-19.30 i Sognahallen

·       Foredrag kl.20.00

Stad: Auditoriet v/Stallen – Fosshaugane Campus – 1 etg(Sognekraft-tribuna)

Påmelding: [email protected] (frist: 22 okt)

Annonse fra Obos-ligaen: