Enda uavgjort i Sognahallen

Etter 90 spelte minutt stod det 2-2 i Sognahallen der Sogndal tok imot Hødd til årets 6. treningskamp.

Allereie etter snaue ti spelte minutt av kampen steg Hødd-spelarane høgt i lufta og satt ballen i nettet etter eit hjørnespark. Sogndal kom tilbake med scoring av Ulrik Flo, før laget frå Ullsteinvik nok ei gong gjekk opp i leiinga. Laga gjekk til pause på stillinga 1-2 til bortelaget.

I andre omgang vart einaste målscorer Ulrik Fredriksen og resultatet enda 2-2 i Sognahallen. 

" Etter ei litt rotete førsteomgang teke unggutta tak i kampen etterkvart og gjør ei bra andreomgang. Kampen blir som ho blir, og me har fortsatt mykje å gå på inn mot serieopninga som er 3 veker unna " - sa ein greitt fornøyd Eirik Bakke etter kampslutt. 

På søndag set laget seg i flyet sørover for ti dagar på Marbella der me skal spela to treningskampar.  
" Nå er me klare for å reisa og alle som er i hallen i dag ser kva vi må jobba med inn mot serieopninga " avslutter hovudtrenaren.  

Annonse fra Obos-ligaen: