Me søkjer Dagleg Leiar

Søknadsfrist: 22. mai

Sogndal Fotball har sidan tidleg 80-talet vore ein toppklubb i norsk fotball. Samstundes er Sogndal Fotball ein viktig utviklingsaktør i vår region med eit stort samfunnsansvar. Me skal vera ei drivkraft for utvikling med utgangspunkt i miljøet på Fosshaugane – Campus Sogndal. Me skal etablere arenaer for innovasjon og entreprenørskap og vidareutvikle samspelet mellom dei frivillige og profesjonelle miljøa. Sportsleg har me mål om å etablere oss mellom dei 12 beste fotballklubbane på herresida i norsk fotball med utgangspunkt i vår visjon «Utviklingsarena for toppfotball». Våre kjerneverdiar er «Ambisiøse og utviklande - Inkluderande og ærlege».

Me søkjer
Dagleg leiar

Søk på stillinga her

Som dagleg leiar i Sogndal IL Fotball vil du leia ein klubb og ei verksemd med kunnskapsrike og dyktige tilsette. Det er viktig for oss å kunne møte morgondagens utfordringar, der lidenskap for klubben er avgjerande. Du vil få arbeide med motiverte menneske som er opptekne av å skapa resultat for klubben, og di oppgåve er å vidareutvikle verksemda. Dagleg leiar for Sogndal IL Fotball vil inngå i konsernleiinga som består av klubben og Sogndal Fotball AS, som er klubben sitt utviklings- og eigedomsselskap. 

Ansvarsområde:
Ansvar for den daglege drifta og leiing
Økonomisk styring og rapportering med tilhøyrande resultatansvar
Personalansvar – gjennom å motivera tilsette mot felles mål
Vidareutvikla verksemda organisatorisk
Kontakt med samarbeidspartnarar
Representasjon

Sogndal Fotball ynskjer deg som har:
Høgare utdanning, gjerne med relevant erfaring
Bakgrunn/ interesse frå fotball eller idrett
Leiarerfaring
Erfaring med endrings- og strategiarbeid
Samarbeidsevner

Me tilbyr: 
Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø

Arbeidsstad er Sogndal.

Har du spørsmål, kontakt konsulent Renate Buene i Adecco Select, tlf. 48042001, [email protected] eller dagleg leiar Yngve Hallén i Sogndal Fotball AS, tlf. 90116005.

Kortfatta søknad med CV sendast seinast 22.05.18 til Adecco. Alle spørsmål, henvendingar og søknader vert handsama konfidensielt, inntil noko anna er avtala.

Søk på stillinga her

Annonse fra Obos-ligaen: