Europacup på Fosshaugane!

På onsdag kjem finske FC Honka - kjøp billett til den historiske kampen i dag!

Det er no litt meir enn eitt år sidan me såg at G19-laget hadde noko på gong. Noko stort.

Så stort at me no har ein stadion som er UEFA-klassifisert, og eit lag som skal ut i UEFA Youth League! Det er fantastisk, og noko me er utruleg stolte over.

Les meir om denne ligaen her

Det den gjengen har gjort, og fortsatt gjer, er ganske utruleg, og på onsdag 2. oktober skal eit lag frå Sogndal spela sin første offisielle UEFA-kamp!

Motstandar er finske FC Honka, moderklubben til vår legende Hannu Patronen.

Les også: Møter tøff finsk motstand

Me håpar at mange vil vera med oss på denne historiske kvelden i Saftbygda!

Billettar til kampen får du kjøpt her

OBS! Pris pr. billett er kroner 50,-  Sesongkort gjeld ikkje til denne kampen.

1. runde i UEFA Youth League

Sogndal - FC Honka (FIN)
Fosshaugane, Campus Sogndal
Onsdag 2. oktober kl. 18:30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: