Fantastisk innsats av G13-laget

Klare for kvartfinale i uoffisielt NM (Adidas Cup)

Adidas Cup er eit uoffisielt NM i dei alderbestemte klassane, og det deltek lag frå heile landet. Sogndal Fotball har med eit lag i årets cup. Det er gutar 2006 (G 13 år) som deltek.

Etter eit gruppespel i vår der dei vann alle kampane, så var det 1/16 finalen i mai som dei vann 2-0 mot Stord. Laurdag 17.august var det klart for 1/8 delsfinale der Sogndal G 13 møtte Skedsmo G 13 på nøytal bane, midt i mellom, på Gol.

Skedsmo leda store deler av kampen, men Sogndal kom sterkt på slutten, og det vart 5-5 etter full tid. Målscorarar for Sogndal var Viljar Stavø med 3 mål, Kristian Kongelf og eit sjølvmål.

I ekstraomgangane på 2x5 min vart det ikkje fleire mål. Så blei det straffesparkkonkurranse. På den 7.straffen så avgjorde Sogndal ved Kaja Bjelde Hjelmhaug som scora etter at Skedsmo sin 7.straffeskyttar bomma rett før. Så Sogndal vann 6-5 på straffar og sluttresulatatet vart då 11-10 i Sogndal sin favør.

God stemning på tribunen blant mange tilreisande foreldre, som hadde tatt turen over fjellet.

Neste blir kvartfinale, der Sogndal skal møte HSV fotball. Den kampen går også på Gol søndag 25.august kl 1500. Siger i denne kampen kvalifserer til det nasjonale sluttspelet på Gjøvik 21.-22.sept der det er semifinale laurdagen og enten bronsefinale eller finale søndagen.

Trenarar for laget er Geir-Inge Heggestad, Asle Hillestad og Tom Rune Kongelf.

Lagleiar er Morten Bøthun

I denne kampen var alle trenarane til laget indisponible, og Jan Rune Årøy steppa inn som trenarvikar, men stor suksess!!

Mvh

Morten Bøthun

Lagleiar Sogndal Fotball G 13

Annonse fra Obos-ligaen: