Fantastisk lagsiger!!

Me slo Viking 1-0 i dag! Me e' med!!

Me slo Viking 1-0 i dagens toppoppgjer på Fosshaugane Campus. Kampen var berre tre minutt gamal då Sigurd Haugen klinka ballen i garnet.

Etter kampen var det elektrisk stemning i garderoben.


Les fullt kampreferat på Firda Live!

Her er høgdepunkta frå dagens oppgjer



Les om kampen i Sogn Avis

Dagens siger var spesielt sterk etter at me mista begge stopparane våre. Kjetil Wæhler måtte ut med hjernerystelse etter ein episode med ein Viking-spelar i første omgang. Her kan du lesa kva Kjetil meinte om episoden, og kva trenar Bakke sa etter kampslutt.

Som om ikkje det var nok, måtte vår staute nordlending motvillig kasta inn handkledet i 2. omgang etter at han hadde fått krampe i begge leggane.  Per Magnus Steiring er ein hardhaus, og dette likte han dårleg.

- Det var rett og slett litt flautt og pinleg med krampe i leggane, gliste han til underteikna då han blei spurt om korleis det stod til. Me får nok sjå Per Magnus allereie neste helg.

Dagens matchvinnar har no verkeleg fått fart på skåringsfoten, i dag skåra han eit mål av det vakre slaget. Sigurd Haugen er stinn av sjølvtillit for tida, og me snakka med han i pressesona etter at han hadde snakka med Sogn Avis.





Kaptein Mathias Lønne Dyngeland var stolt over gutane sine og glad for å ha holdt nullen.

Trenar Eirik Bakke takka både spelarane sine og publikum etter kampen.

- Dette var ein solid lagsiger, og med Fosshaugane slik i ryggen, vart det vår tolvte mann.


Slik ser tabellen ut etter dagens kamp.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T

Neste helg skal me til Hamar for å kjempa om poeng mot nyopprykka HamKam. Neste heimekamp er søndag 24/6 kl. 20.00. Det er midt under sjølvaste Lerum Cup, og då blir det mykje folk og god fotballstemning når me tek i mot Jerv til fotballfest. Kjøp billett til den kampen her

Annonse fra Obos-ligaen: