Fantastisk lagsiger!

Karane viste kva som bur i dei då Sandefjord vart feia av eige gras!

Det vart sterke 0-3 på Komplett Arena, og med det tek med med oss ein god dose sjølvtillit og tre poeng på bussen heimatt.

Frå første spark på ballen viste me i dag kven som verkeleg ville vinna kampen. Anført av ein spelesugen og energifull Ulrik Flo stod karane fram med energi og kraft som om dei hadde fått Solbærsirup frå Lerum intravenøst på bussturen til kvalfangarbyen.

Stefan Antonijevic var tilbake etter skade og viste at han er særs viktig i dette laget, og det var han som skåra målet vårt før pause. Etter kvilen putta Sigurd Haugen på to skåringar og det vart ein særs fortent siger til laget i kvitt.


Les om kampen i Sogn Avis

Me snakka med ein stolt og glad kaptein etter kampen. Mathias Lønne Dyngeland stod ein god kamp.





Dagleg leiar Rasmus Mo drog i gong Ropet i garderoben

Sigurd Haugen har slete litt i vår, men no ser det ut til at gladguten frå Haugesund er på rett veg. Både Sogn Avis og me tok ein prat med tomålsskåraren etter kampen.




Ulrik Flo jobba som ein helt, og hans positive energi smitta over på resten av laget. Me snakka med den sympatiske veteranen, som passa på å senda ei helsing heim til Kristina og ungane.

Les kampreferat på Firdaliven

Trenar Eirik Bakke har hatt ein tøff vår der laget hans har slete i serien, og han har sett at klubben i hans hjarte slit. - Heile klubben fortener denne sigeren! sa han til Sogn Avis.


Denne kampen og sigeren gjorde godt, og godkjensla blir viktig inn i den lille pausen me no får. Karane skal ikkje kvila, men jobba inn mot heimekampane mot Strømmen, Brann og Skeid. Allereie til helga er det treningskamp på Bømlo. Motstandar? Ingen ringare enn Brann!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: