Fjøra FK - Sogndal

1. runde NM - Fosshaugane Campus klokka 18.00

Me er klare for eit skikkeleg lokalderby i 1. runde NM i dag. Det er duka for cupkveld på Fosshaugane Campus, dette blir moro!

Me har ikkje spelt ein offisiell kamp mot Fjøra sidan 2000. Den gong var det óg første runde i cupen, og me vann ein knepen 1-0 siger.

Slik er cupstatistikken mellom dei to laga:
1986: 3-1 til Sogndal
1990: 4-1 til Sogndal
1992: 2-1 til Sogndal
2000: 1-0 til Sogndal

Cup er cup. Klisjeen som berre kan samanliknast med Stafett er stafett er gjeldande i år også. I fjor rauk Brann ut av cupen mot Førde i 1. runde. Fjøraspelarane kjem til å gå ut i 110, og det gjer at gutta våre må vera på topp. Me kan ikkje sleppa oss ned eit hakk, då vil gutane til Håvard Hatle ta oss på senga.

Og det er jo akkurat det som er sjarmerande med cupen. At det kan skje eit lite fotballmirakel på ein av arenaene. Difor bør bygdafolket gå mann av huse i dag. Møt opp på Campus, bli med på festen.

I dag stiller me med denne troppen:
Mathias Dyngeland, Tarjei Omenås, Eirik Skaasheim, Ulrik Fredriksen, Bjørn Inge Utvik, Per Magnus Steiring, Victor Grodås, Johan Hove, Simen Brekkhus, Henrik Furebotn, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Lars Christian Kjemhus, Bendik Bye, Gilbert Koomson og Fredrik Flo. To spelarar frå Sogndal 2 vil også vera i troppen.

Lagoppstillinga vert lagt ut før kampstart.

Det er flott vårsol over bygda vår i dag, og alle bør ta turen. Billettane kjøper du ved inngangen, pris kroner 100 i kontantar eller via Vipps. Kom i god tid, elles risikerar du kø.

1. runde i NM
Fjøra FK - Sogndal
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: