"Følg eit barn til skulen"

TV-aksjonen NRK UNICEF 2017: Kvart barn er ein moglegheit

Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 22. oktober, og går til UNICEFs arbeid for å gje utdanning til barn i nokon av verdas mest konfliktfylte områder; Colombia, Mali, Sør-Sudan, Syria og Pakistan.

Eit av fem barn i krigs- og konfliktområder er i dag utan skulegong. Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit heilt lands framtid på spill. Årets TV-aksjon skal gje skulegang og håp til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan. UNICEF arbeider hardt og målretta for at barn ikkje skal få ødelagt framtida på grunn av vaksnes krigar og konflikter.


Dette er UNICEF
UNICEF er verdas største hjelpeorganisasjon for barn. Den ble stiftet av FN i 1946 for å hjelpe barn ramma etter andre verdskrig. Seinare er mandatet utvida til å gjelde alle barn i verden. I dag arbeider organisasjonen i over 190 land og territorier, og har som hovedoppdrag å sørge for at alle barn får sine rettigheiter ivaretatt. UNICEF arbeider både med langsiktig utvikling og nødhjelp. Når krigen raser eller naturkatastrofen rammer er UNICEF allereie på plass og står klare til å hjelpe. I land der det ikkje er behov for nødhjelp arbeider UNICEF med langsiktig utviklingsarbeid og påvirkningsarbeid for å bedre barns levekår.

Dette er TV-aksjonen NRK
TV-aksjonen NRK er verdens største innsamlingsaksjon målt i antall frivillege og innsamla kroner fordelt på befolkning. Den har vært arrangert kvart år sidan 1974, og har gitt livsviktig hjelp til millionar av mennesker. 7000 frivillige over heile landet organiserer innsamlinga gjennom 500 kommune- og bydelskomitear, og gjør at 100 000 bøsseberarar kan banke på 2,3 millioner dører. På sjølve TV-aksjonsdagen sender NRK direkte heile søndag kveld.

Bli bøsseberar!
Les meir om TV-aksjonen og/eller meld deg som bøsseberar på blimed.no eller ring 02025.


Annonse fra Obos-ligaen: